Rune  Timberlid

Rune Timberlid

Fødd: 31. januar 1950 Sogndalsfjøra

Rune Timberlid (fødd 31. januar 1950 i Sogndal) er ein norsk forfattar, tidlegare informasjonssjef, journalist og avisredaktør. Han er no busett i Sogndal.

Han er utdanna journalist frå Norsk Journalisthøgskole i 1975, og arbeidde i ei rekkje redaksjonar – Sogn Dagblad, Bergens Tidende, Norsk Telegrambyrå, Fredriksstad Blad, Dagbladet og Aftenposten – før han var redaktør i avisa Firda frå 1990 til 1995. Frå 2001 har han jobba som kommunikasjonsmedarbeidar i Lotteri- og stiftelsestilsynet, med eit avbrot som redaktør i Sogn Avis frå 2004 til 2005.

Rune Timberlid har skrive ni kriminalromanar. Han debuterte med Spritdrapet i 1991 under pseudonymet Roger Fjorden på eige forlag. Tolv år etter debuten kom Red Mercury, som er den første boka med politibetjenten Rolf Randen i hovudrolla, ut. Alle kriminalromanane hans har handlinga lagd til Sogn og Fjordane,

Bibliografi

Bøker

  • 1991 – Spritdrapet i Sogn og Fjordane (Førde: Forlaget Lokal Krim)  [Utg. under psevdonymet Roger Fjorden]
  • 2001 – Byggjefesten : historia om Hjelmelandsbrørne (Førde: Selja) . ISBN 82-91722-21-8
  • 2003 – Red Mercury (Førde: Selja) . ISBN 82-91722-31-5
  • 2004 – Priseld (Førde: Selja) . ISBN 82-91722-37-4
  • 2005 – Dødball (Førde: Selja) . ISBN 82-91722-45-5
  • 2006 – Deadline : kriminalroman (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-6955-3
  • 2008 – Operasjon Siskin : kriminalroman (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7194-5
  • 2010 – Vern av verdiar : Lotteri- og stiftelsestilsynet i 10 år (Førde: Lotteri- og stiftelsestilsynet)  [Rune Timberlid og Stig Årdal]
  • 2011 – Sanct Svithuns gåte : kriminalroman (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7600-1
  • 2015 – Satans mor : kriminalroman (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-8725-0
  • 2017 – Blodhemn (Førde: Selja forlag) . ISBN 9788282401241

I bøker – eit utval

  • 2000 – Kriminalitet i Norge. 7 (Oslo: Norske publikasjoner) . ISBN 82-7738-005-5  [Av innhaldet: Mor og datter brutalt ranet / Rune Timberlid]
  • 2011 – To levende og to døde : hva skjedde med «Brenning»? (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-039-8  [Av innhaldet: Brenning-saka anno 2011 : saka der sanninga ikkje kjem for ein dag? / Rune Timberlid]
  • 2014 – Ete fysst : 18 forteljingar om Sunnfjord (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-086-2  [Av innhaldet: Fjorden i mitt hjarte / Rune Timberlid]
  • 2017 – Havet tok : 13 forlis og skipsulukker i Sogn og Fjordane (Førde: Selja Forlag) . ISBN 978-82-8240-125-8  [Red. av: Magnus Helge Torvanger. Denne boka er ei ny og sterkt utvida utgåve av Malvin Toft: Havet tok – 78 forlis og skipsulukker frå 2003]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA