Sogndal

Morten Andreas Leigh Aabel

Morten Andreas Leigh Aabel (9. februar 1830–9. mai 1901) var ein norsk lækjar og forfattar. Han var fødd i Sogndal, vart cand. med. 1856 og var lækjar ymse stader 1856-1864. Aabel var distriktslækjar i Indre Sunnfjord, og budde 1864–1876 på Falkenstein i Førde. Han budde i Valdres 1876-1885 og på Toten 1885-1899. Han var son av presten Peder Pavel […]

Georg Arnestad

Georg Arnestad (fødd 1948) er ein norsk redaktør, sakprosaforfattar og kulturforskar fødd på Rygg i Gloppen kommune og busett i Sogndal. Arnestad tok artium i språkfag ved Firda vidaregående skule i 1967. Han vart utdanna siviløkonom ved Norges Handelshøyskole (NHH) i 1973, og høgare avdeling i økonomisk historie ved NHH i 1977. Arnestad var vitsk […]

Gjest Baardsen

Gjest Bårdsen (ca. 13. mars 1791–13. mai 1849) er kjend som meistertjuv og utbrytarkonge. Han verka òg som forfattar, og skreiv mellom anna si eiga livssoge. Bårdsen sat mykje i fengsel, men klarde særs ofte å rømma. Han vert ofte samanlikna med Robin Hood. Det vart sagt om han at han tok omsyn til fattige og svake, og rekna som eit slag ikkje-va […]

Andreas Barsnes

Andreas Barsnes (1883–1954) var ein norsk lærar og forfattar frå Sogndal, seinare busett i Bergen. Barsnes tok eksamen frå Stord lærarskule i 1907. Han var lærar ymse stader 1907-1910, i Bergen frå 1911 og skulestyrar 1937-1953. Han var styrar av Det Vestlandske målkontor (skipa 1904) frå 1931.

Kjell Bondevik

Kjell Olsson Bondevik (11. mars 1901–22. desember 1983) var ein norsk Kristeleg Folkeparti-politikar og folklorist fødd i Leikanger. Bondevik vaks opp i Sogndal. Bondevik var lærar ved Oslo Kristelige gymnas 1927-1931, stipendiat 1931-1933, lektor i Haugesund 1933-1937, rektor ved Sauda gymnas frå 1937, dosent i folkeminne-vitskap og folkelivsgran […]

Jarle Bondevik

Jarle Bondevik (29. juni 1934–4. april 2016) var ein norsk språkforskar, fødd i Sogndal. Han var professor i norsk språk og språkhistorie og ytte særleg viktige faglege bidrag om utviklingstrekk i nynorsk bibelmål. Liv og gjerning Bondevik tok examen artium ved landsgymnaset i Voss, før han vart cand.philol. ved Universitetet i Bergen i 1961. F […]

Johannes Brochmann

Bodvar Fredrik Johannes Brochmann (fødd 19. april 1852 i Kvinesdal, død 1930) var ein norsk prest, forfattar, dramatikar og skribent. Johannes Brochmann vart cand.theol. i 1876, og arbeidde som lærar i Oslo frå 1877 til han i 1885 av helsemessige grunnar flytta til Vestlandet. Han budde i Ullensvang frå 1885, vart sokneprest i Røldal i 1900 og i […]

Aage Engesæter

Aage Engesæter (fødd 19. januar 1951 i Sogndal) er ein norsk historikar og museumsdirektør. Engesæter er utdanna cand. philol. ved Universitetet i Bergen i 1974 med historie som hovudfag. Han vart tilsett ved Sogn og Fjordane distriktshøgskole som vitskapleg assistent. Der vart han i 1980 amanuensis i historie og rektor i perioden 1989-94. Frå 199 […]

Jens Andreas Friis

Jens Andreas Friis (2. mai 1821–16. februar 1896) var ein norsk språkforskar og forfattar. Friis var fødd i Sogndal i Sogn. Han tok først teologisk embetseksamen. Seinare studerte han samisk språk i Christiania og vidare hos Elias Lönnrot i Finland. Han vart dosent i lappiske språk ved universitetet i Christiania i 1866 og professor i 1874. Friis […]