Sakprosa

Frode Aga (1977-)

Frode Aga (fødd 1977) er ein norsk journalist, forfattar og musikar. Han er fødd og oppvaksen i Årdal og busett i Oslo. Aga har vore journalist i Sogn Dagblad, Årdal & Lærdal avis, Firda og Sogn Avis, og har vore frilansjournalist i Oslo, for så å bli tekstforfattar i reklamebyrået PR-operatørene. Aga gav ut boka 52 opplevingar i Sogn saman med fo […]

Jacob Aaland

Jacob Aaland (27. april 1865–18. oktober 1950) var ein lærar, historikar og statsstipendiat frå Randabygda i Stryn. Han var ein pioner i arbeidet med bygdesoger og anna lokalhistorisk gransking, og er særleg kjend for sitt omfangsrike verk Nordfjord fraa gamle dagar til no: II. Dei einskilde bygder, som kom i fem, tildels tjukke, band i tida 1909 […]

Styrkår Almenning

Styrkår Almenning (28. juli 1918–9. oktober 2003) var ein norsk lærar og forfattar frå Vågsøy. Han var også klokkar i Breim kyrkje i mange år.

Anny Berge Alsaker

Anny Berge Alsaker (fødd 1927) er ein norsk forfattar frå garden Berge i Oppstryn i Stryn kommune. Som vaksen flytta ho til Tønsberg, der ho budde lenge. I 1962 flytta ho attende til Stryn. Ho har òg budd i Førde og i Spania. Anny Berge Alsaker har tidlegare arbeidd som hjelpepleiar og fotsoneterapeut. Ho debuterte som forfattar i 2009 med boka Me […]

Olav Åm

Olav Åm (8. januar 1918–25. mai 2009) var ein norsk skulestyrar og skuledirektør. Han var frå Vindafjord, og busett mellom anna i Leikanger. Åm hadde eksamen frå Volda Lærarskule 1941, og i 1941-1942 arbeidde han som lærar i Audnedal og Hegebostad i Vest-Agder. Han var styrar ved framhaldsskulen i Årdal 1942-1943 og rektor ved Årdal Realskule 1943 […]

Ivar Andenæs

Ivar Andenæs (fødd 1947) er ein norsk forfattar og direktør. Han er fødd i Stryn og busett i Gjettum. Han har m.a. arbeidd som journalist i Fjordenes Tidende, Aftenposten og Statens Informasjonstjeneste og som redaktør (vikariat) i Fjordingen. Andenæs var direktør i Statens Medieforvaltning i Fredrikstad frå starten i 1995 til 2002. Frå 2002 til h […]

Johs. Andenæs

Johannes Bratt Andenæs, kjend som Johs. Andenæs (7. september 1912–3. juli 2003) var ein norsk jurist med doktorgrad. Han var professor i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo (frå 1946 til 1982) og ein av dei leiande juristane i Norge. Virke Andenæs har blitt ståande som ein nestor innan norsk juss, spesielt strafferett, straffeprosess og stat […]

Yngvar Andersen

Yngvar Andersen (fødd 1974) er ein norsk friidrettsutøvar og trenar. Han er frå i Fortun i Luster kommune og busett i Oslo. Faren var frå Marokko. Andersen er utdanna ved Norges idrettshøgskole. Han vart norsk juniormeister i kule, diskos og spyd. Andersen satsa som vaksen på ein karriere som personleg trenar, og starta i 2005 eige treningssenter […]

Henrik Angell

Henrik August Angell (fødd 22. august 1861 i Luster, død 26. januar 1922) var ein norsk offiser, eventyrar, skipionér og forfattar. Militær karriere Angell vart offiser 1882, tenestegjorde ei tid i generalstaben og tok generalstabseksamen i 1898. Han vart major og bataljonssjef i infanteriet i 1910, og oberst og regimentsjef i 1911. Han var på […]

Margrethe Henden Aaraas

Margrethe Henden Aaraas (fødd 1962) er ein norsk journalist og forfattar frå Sandane i Gloppen. Aaraas var programsekretær i NRK, ein periode i Oslo og seinare ein periode i Førde. I 2001 vart ho tilsett ved kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Ho er no busett i Nittedal. I 2000 debuterte ho som forfattar med 2-binds verket «På kyrkje […]