Førde

Morten Andreas Leigh Aabel

Morten Andreas Leigh Aabel (9. februar 1830–9. mai 1901) var ein norsk lækjar og forfattar. Han var fødd i Sogndal, vart cand. med. 1856 og var lækjar ymse stader 1856-1864. Aabel var distriktslækjar i Indre Sunnfjord, og budde 1864–1876 på Falkenstein i Førde. Han budde i Valdres 1876-1885 og på Toten 1885-1899. Han var son av presten Peder Pavel […]

Margrethe Henden Aaraas

Margrethe Henden Aaraas (fødd 1962) er ein norsk journalist og forfattar frå Sandane i Gloppen. Aaraas var programsekretær i NRK, ein periode i Oslo og seinare ein periode i Førde. I 2001 vart ho tilsett ved kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Ho er no busett i Nittedal. I 2000 debuterte ho som forfattar med 2-binds verket «På kyrkje […]

Kari Arnestad

Kari Jenny Kristine Arnestad (fødd 8. oktober 1910 i Hyen i Gloppen, død 20. juni 1985) var ein norsk evangelist, kurator og forfattar. Ho var dotter til ein lærar og vaks opp i Angedalen i Førde og på Hestenesøyra i Gloppen. Arnestad gjekk på folkehøgskule på Vereide og bibelskule i Oslo. Ho var reisesekretær i Oppland krets av Det Norske Misjons […]

Arne Henning Årskaug

Arne Henning Årskaug (fødd 1985) er ein norsk bibliotekar og forfattar. Han kjem frå Holsen i Førde kommune. Årskaug har gått på Forfattarstudiet i Bø, Skrivekunstakademiet i Hordaland og Høgskolen i Oslo og Akershus, Bibliotek- og informasjonsvitenskap. Årskaug debuterte i 2015 med Utstyrstekstar. Tekstane i debutboka er prega av språkleg oversko […]

Marit Bendz

Marit Bendz (fødd 20. april 1959) er ein norsk journalist. Ho er frå Ålen i Sør-Trøndelag og seinare busett i Førde. Bendz tok eksamen ved medielina i Volda i 1986. Ho har vore tilsett ved NRK og har vore frilansar sidan 1998. Marit Bendz har gitt ut fleire bøker og saman med Heidi Hattestein vart ho kåra til Årets frilans 2008 av Norsk Journalist […]

Solveig Blindheim Berge

Solveig Blindheim Berge, også kjend som Solveig Berge, (fødd 1935 på Vigra) er ein norsk forfattar. Ho debuterte i 1980 med barneboka Sommaren var best på Samlaget og har sidan skrive novellesamlinga Hus i natta og barneboka Hemmelege krusedullar. Sistnemnde gjekk også som opplesingsserie i Barnetimen for de minste. Berge har budd i Måløy, Førde o […]

Kjell-Ragnar Berge

Kjell-Ragnar Berge (fødd 1957) er ein norsk lærar, krigshistorikar og forfattar. Han er fødd i Hyllestad og busett i Førde. Han gjekk Befalsskolen for Feltartilleriet i 1977, gjorde teneste ved FA-bataljonen på Setermoen i 1978, og FN-teneste i Libanon 1979-80. Berge er utdanna adjunkt, og var i 30 år tilsett ved Hafstad vidaregåande skule i Førde […]

Bjarte Bruland

Bjarte Bruland (fødd 11. april 1969) er ein norsk historikar og er frå Førde i Sunnfjord. Han har historisk-filosofisk embetseksamen frå Universitetet i Bergen med historie som spesialfelt. Bjarte Bruland har forska mykje på skjebna til jødane i Noreg under andre verdskrigen. Han har vore tilsett som prosjektleiar ved Jødisk Museum i Oslo frå 1.ja […]

Oddbjørn By

Oddbjørn Vegard By (fødd 24. juli 1981) er ein norsk «minnesutøvar» og forfattar. By kan memorera ein kortstokk på 43 sekundar, han har delteke i internasjonale mesterskap innan greina og er Grand Master of Memory. 14. februar 2006 sette han verdsrekord i memorering av flest siffer på eit minutt. Han memorerte denne talrekka på 72 siffer og gjenka […]

Hjalmar Christensen

Hjalmar Christensen (fødd 5. mai 1869 i Førde i Sunnfjord, død 29. desember 1925 på Haukeland sjukehus i Bergen) var ein norsk forfattar og kritikar. Som ung tilhøyrde han den unge forfattargenerasjonen frå 1890-talet då han skreiv ei rekke viktige litteraturhistoriske arbeid som framleis har interesse. Seinare i livet skreiv han mange kulturhist […]