Menn

Morten Andreas Leigh Aabel

Morten Andreas Leigh Aabel (9. februar 1830–9. mai 1901) var ein norsk lækjar og forfattar. Han var fødd i Sogndal, vart cand. med. 1856 og var lækjar ymse stader 1856-1864. Aabel var distriktslækjar i Indre Sunnfjord, og budde 1864–1876 på Falkenstein i Førde. Han budde i Valdres 1876-1885 og på Toten 1885-1899. Han var son av presten Peder Pavel […]

Frode Aga (1977-)

Frode Aga (fødd 1977) er ein norsk journalist, forfattar og musikar. Han er fødd og oppvaksen i Årdal og busett i Oslo. Aga har vore journalist i Sogn Dagblad, Årdal & Lærdal avis, Firda og Sogn Avis, og har vore frilansjournalist i Oslo, for så å bli tekstforfattar i reklamebyrået PR-operatørene. Aga gav ut boka 52 opplevingar i Sogn saman med fo […]

Jacob Aaland

Jacob Aaland (27. april 1865–18. oktober 1950) var ein lærar, historikar og statsstipendiat frå Randabygda i Stryn. Han var ein pioner i arbeidet med bygdesoger og anna lokalhistorisk gransking, og er særleg kjend for sitt omfangsrike verk Nordfjord fraa gamle dagar til no: II. Dei einskilde bygder, som kom i fem, tildels tjukke, band i tida 1909 […]

Olai Aa. Aalen

Olai Aa. Aalen (1874–1949) var ein norsk lærar og forfattar. Han var frå Vevring i Naustdal kommune. Aalen tok eksamen ved Stord lærarskule 1895 og var lærar i Holsen i Førde kommune og i Eikefjord i Flora kommune. Han var også lærar i Vanylven, på Rennesøy og i perioden 1913-1929 var han lærar på Våland skole i Stavanger. I 1929 flytta han til Os […]

Kristofer Alme

Kristofer Alme (20. november 1871–5. oktober 1947) var frå Hafslo i Luster kommune. Han var bonde, organisasjonsmann og forfattar. Alme gjekk Sogndal folkehøgskule og skipa i 1892 Hafslo Ungdomslag, der han var formann i 30 år. Han var ein mykje nytta foredraghaldar, og heldt i alt over 300 foredrag kringom i bygdene. Han leia også eit songkor, og […]

Styrkår Almenning

Styrkår Almenning (28. juli 1918–9. oktober 2003) var ein norsk lærar og forfattar frå Vågsøy. Han var også klokkar i Breim kyrkje i mange år.

Olav Åm

Olav Åm (8. januar 1918–25. mai 2009) var ein norsk skulestyrar og skuledirektør. Han var frå Vindafjord, og busett mellom anna i Leikanger. Åm hadde eksamen frå Volda Lærarskule 1941, og i 1941-1942 arbeidde han som lærar i Audnedal og Hegebostad i Vest-Agder. Han var styrar ved framhaldsskulen i Årdal 1942-1943 og rektor ved Årdal Realskule 1943 […]

Ivar Andenæs

Ivar Andenæs (fødd 1947) er ein norsk forfattar og direktør. Han er fødd i Stryn og busett i Gjettum. Han har m.a. arbeidd som journalist i Fjordenes Tidende, Aftenposten og Statens Informasjonstjeneste og som redaktør (vikariat) i Fjordingen. Andenæs var direktør i Statens Medieforvaltning i Fredrikstad frå starten i 1995 til 2002. Frå 2002 til h […]

Johs. Andenæs

Johannes Bratt Andenæs, kjend som Johs. Andenæs (7. september 1912–3. juli 2003) var ein norsk jurist med doktorgrad. Han var professor i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo (frå 1946 til 1982) og ein av dei leiande juristane i Norge. Virke Andenæs har blitt ståande som ein nestor innan norsk juss, spesielt strafferett, straffeprosess og stat […]

Yngvar Andersen

Yngvar Andersen (fødd 1974) er ein norsk friidrettsutøvar og trenar. Han er frå i Fortun i Luster kommune og busett i Oslo. Faren var frå Marokko. Andersen er utdanna ved Norges idrettshøgskole. Han vart norsk juniormeister i kule, diskos og spyd. Andersen satsa som vaksen på ein karriere som personleg trenar, og starta i 2005 eige treningssenter […]