Romanar, noveller, forteljingar

Styrkår Almenning

Styrkår Almenning (28. juli 1918–9. oktober 2003) var ein norsk lærar og forfattar frå Vågsøy. Han var også klokkar i Breim kyrkje i mange år.

Rune Angell-Jacobsen

Rune Angell-Jacobsen (fødd 16. desember 1947) er ein norsk forfattar fødd i Florø og busett i Bjugn. Angell-Jacobsen er tidlegare oberstløytnant i Luftforsvaret, der han mellom anna arbeidde som systemoperatør på overvåkningsflyet Lockheed P-3 Orion og seinare som etterretningsoffiser. Som forfattar har han skrive fleire seriar med historisk under […]

Arne Henning Årskaug

Arne Henning Årskaug (fødd 1985) er ein norsk bibliotekar og forfattar. Han kjem frå Holsen i Førde kommune. Årskaug har gått på Forfattarstudiet i Bø, Skrivekunstakademiet i Hordaland og Høgskolen i Oslo og Akershus, Bibliotek- og informasjonsvitenskap. Årskaug debuterte i 2015 med Utstyrstekstar. Tekstane i debutboka er prega av språkleg oversko […]

Bernt Madssen Askevold

Bernt Madssen Askevold (1846–1926) var ein norsk prest, lærar og forfattar frå Askvoll kommune i Sunnfjord. Han var aktiv i Askevold Børneskole, oppretta Laksevåg Avis og gav ut fleire forteljingar. Askevold utvandra til USA rundt 1870, men returnerte til Askvoll i 1922.

Mathias Askevold

Mathias Askevold (1854–1919) var ein «bladmann og litterat» frå Askvoll kommune i Sunnfjord. Askevold gav ut fleire dikt i aviser og tidsskrift. Dikta er blitt skildra som «vakre».

Johanna Petrine Bakke-Wiik

Johanna Petrine Bakke-Wiik (20. juli 1905–28. september 1981) var ein norsk forfattar. Ho var fødd i Lunde i Sirdal i Vest-Agder, men kom tidleg til Davik i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane. Der budde ho mesteparten av livet. Ho gjekk handelsskule og bibelskule. Bakke-Wiik gav ut forteljingar og dikt på eige forlag.

Peter Bendow

Peter Bendow er namnet den norske juristen, forfattaren og illustratøren David Dietrichs Svendsen Arnesen (fødd 4. august 1884 i Brunlanes, død 9. august 1959 i Oslo) tok i 1948 etter å ha brukt det som forfattarpseudonym i ei årrekke. Han brukte også av og til pseudonyma Hermann Munter og Bjørn Rafft. Peter Bendow budde i Lærdal frå 1895-1906 då […]

Karin Benedicte Berg

Karin Benedicte Berg (14. november 1897–16. februar 1991) var ein norsk forfattar og journalist. Ho var frå Helgeroa ved Larvik og busett på Nordfjordeid i Eid kommune. Berg var journalist i Minnesota fram til ho gifta seg med Andreas Berg, som var rektor ved Eid gymnas på Nordfjordeid frå 1922 til 1963, og ho flytta dit i 1925. Ho engasjerte seg […]

Solveig Blindheim Berge

Solveig Blindheim Berge, også kjend som Solveig Berge, (fødd 1935 på Vigra) er ein norsk forfattar. Ho debuterte i 1980 med barneboka Sommaren var best på Samlaget og har sidan skrive novellesamlinga Hus i natta og barneboka Hemmelege krusedullar. Sistnemnde gjekk også som opplesingsserie i Barnetimen for de minste. Berge har budd i Måløy, Førde o […]

Hjalmar Hjorth Boyesen

Hjalmar Hjorth Boyesen (23. september 1848–4. oktober 1895) var ein norsk professor og forfattar. Han vaks opp på Fredriksvern, Kongsberg og på Systrond i Leikanger kommune. Boyesen hadde si utdanning i tysk og skandinavisk litteratur frå universitet i Leipzig og universitetet i Oslo. Han reiste i 1869 til Amerika. Boyesen vart professor i germans […]