Krim

Rune Angell-Jacobsen

Rune Angell-Jacobsen (fødd 16. desember 1947) er ein norsk forfattar fødd i Florø og busett i Bjugn. Angell-Jacobsen er tidlegare oberstløytnant i Luftforsvaret, der han mellom anna arbeidde som systemoperatør på overvåkningsflyet Lockheed P-3 Orion og seinare som etterretningsoffiser. Som forfattar har han skrive fleire seriar med historisk und […]

Peter Bendow

Peter Bendow er namnet den norske juristen, forfattaren og illustratøren David Dietrichs Svendsen Arnesen (fødd 4. august 1884 i Brunlanes, død 9. august 1959 i Oslo) tok i 1948 etter å ha brukt det som forfattarpseudonym i ei årrekke. Han brukte også av og til pseudonyma Hermann Munter og Bjørn Rafft. Peter Bendow budde i Lærdal frå 1895-1906 då […]

Marit Bendz

Marit Bendz (fødd 20. april 1959) er ein norsk journalist. Ho er frå Ålen i Sør-Trøndelag og seinare busett i Førde. Bendz tok eksamen ved medielina i Volda i 1986. Ho har vore tilsett ved NRK og har vore frilansar sidan 1998. Marit Bendz har gitt ut fleire bøker og saman med Heidi Hattestein vart ho kåra til Årets frilans 2008 av Norsk Journali […]

Kai Martin Brekke

Kai Martin Brekke (f. 1958) er ein norsk forfattar og journalist. Han er fødd i Flåm i Aurland kommune og busett i Leikanger. Brekke debuterte som forfattar i 2006 med kriminalromanen Nattergal. Handlinga tek utgangspunkt i eit mord på Flåmsbana. I 2008 kom oppfølgjaren Dødeleg arv med handling hovudsakleg i Nærøyfjorden, og i 2011 kom Kald finale […]

Anne Gullestad

Anne Gullestad (fødd 26. oktober 1925 i Kvinesdal, død 1. april 1998 i Bergen) var ein norsk skodespelar, instruktør og teatersjef. Ho var også forfattar av dramatikk og prosa. Gullestad var den første teatersjefen ved Sogn og Fjordane Teater og seinare for Riksteatret. Ho skipa sjølv Hordaland Teater og Vestlandske Teaterlag og var med på å utvi […]

Torfinn Haukås

Torfinn Haukås (1931–1993) var ein norsk forfattar frå Høyanger i Sogn. Han gav i perioden 1958 til 1981 ut til saman ti titlar. Meg skal dere aldri få tak i, Søndag i Andorra og Duellen er kriminalromanar, medan Døden på fanget er ei bok om sonen som leid av Krabbes sjukdom. I 1965 fekk Torfinn Haukås førstepremie for beste novella for film i ein […]

Thore Eithun Helland

Thore Eithun Helland (fødd 12. mars 1965) er ein norsk forfattar og jurist. Helland vart fødd i Sogndal, men voks opp mellom anna i Leikanger og Norheimsund. Han tok juristutdanning ved Universitetet i Bergen (1985–1992), og har arbeidd som resepsjonist i Norheimsund, vore dommarfullmektig i Stjør- og Verdal herredsrett (1993–94), Sunnfjord hera […]

Jon Hellesnes

Jon Hellesnes (fødd 16. september 1939 på Voss) er ein norsk forfattar og filosof. Han budde på Sandane i Gloppen kommune til han var 12-14 år. Hellesnes begynte i 1985 som professor i filosofi ved Universitetet i Tromsø, der han gjekk av med pensjon i 2007. Han heldt fram som professor II ved Høgskulen i Volda til 2008. I tillegg har han vore gje […]

Sigrun Mettenes

Sigrun Mettenes (fødd 1945) er ein norsk forfattar busett i Gloppen kommune. Ho har skrive eit par krimbøker.

Anne Bergset Oikonomaki

Anne Bergset Oikonomaki (fødd 1963) er ein norsk forfattar. Ho er frå Stryn, men har budd meir enn tjue år på Kreta. I 2011 flytta ho tilbake til Noreg med barna. Ho jobbar som lærar for innvandrarar i tillegg til at ho skriv romanar.