Per Hilleren

Fødd: 7. juni 1906

Død: 23. april 1994

Per Hilleren (fødd 7. juni 1906 på Veitastrond i Luster i Sogn og Fjordane, død 23. april 1994) var ein norsk forfattar og predikant. Han vaks opp i Sogndal og flytta seinare mykje, han var mellom anna også busett i Brekke i Gulen, Balestrand og Vadheim i Høyanger, forutan eit par stader på Austlandet. Hilleren var i ein kort periode redaktør for lokalavisa Syngabladet som kom ut i Sogndal i 1967. Han var sterkt engasjert i kristeleg lagsarbeid, han var mellom anna ei tid tilsett ved Blå kors i Bergen og han reiste også som forkynnar for kristelege organisasjonar.

Per Hilleren gav ut om lag 50 bøker frå debuten i 1928 med Kveldssol. Eit prosadikt. Ofte er kampen mellom det lyse og det mørke tema. Mange bøker er gitt ut i fleire opplag og på fleire språk. Gjennombrotet kom i 1939 med romanen Gull og kjærlighet som var eit oppgjer med Hitler og nazismen. Dei fleste utgjevingane til Hilleren har vore i romanform, men han har også gitt ut novellesamlinga Medan heggen blømer, og nokre av føredraga hans kom i bokform i Tid og rødmer.

Hilleren sine verk har ein kristen grunntone. Religiøse brytningar i einskildmennesket og bygdesamfunnet er viktige tema. Ein finn også naturskildringar i bøkene hans. Rachel frå 1959 er ein roman frå det nye Israel. Romanen Det blåser på heia frå 1947, skildrar vekkingane på Vegårshei i siste halvdel av 1800-talet. Den sjølvbiografiske Minneskog fortel om livet som forfattar og forkynnar. Han har også skrive bøker for barn.

Bibliografi

Bøker

  • 1936 – I motvind og bør (Bergen: Den indre sjømannsmisjon)
  • 1936 – Rusta strenger (Bergen: Lunde) Les boka her
  • 1936 – Gutane på Holbråten : fortelling (Oslo: Gry) Les boka her
  • 1937 – Det syng i Skarvenuten (Bergen: Gry) Les boka her
  • 1937 – Det fagre liv (Bergen: Lunde) Les boka her
  • 1938 – Av jord skal det gro (Oslo: Lunde) Les boka her
  • 1939 – Gull og kjærlighet (Bergen: Lunde) Les boka her
  • 1939 – Medan heggen blømer (Bergen: Lunde) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1940 – Du hører dalen til (Oslo: Misjonsforbundet) Les boka her
  • 1942 – Tunsvoll : vårstormer (Oslo: Ansgar) Les boka her
  • 1945 – Sommer : Tunsvoll III (Oslo: Ansgar) Les boka her
  • 1945 – Vegen og porten : Tunsvoll II (Oslo: Ansgar) Les boka her  [1959-opplaget med tittelen: Veien og porten]
  • 1946 – Storbragd i fjellet (Oslo: Ansgar) Les boka her
  • 1947 – Det blåser på heia : folkelivsskildringer fra vekkelsene på Vegårshei i 1870-80 (Oslo) Les boka her
  • 1948 – Under blånende breer (Oslo: Ansgar) Les boka her
  • 1949 – Strengene (Oslo: Ansgar) Les boka her
  • 1951 – Nattens kvite blomst : roman (Oslo: De unges forl.) Les boka her
  • 1953 – Skapningen lenges (Oslo)
  • 1953 – Tempelskogen (Oslo: Ansgar) Les boka her
  • 1954 – Solfjellet (Oslo: Ansgar) Les boka her
  • 1956 – Fagre jord (Oslo: Ansgar) Les boka her
  • 1959 – Rachel : roman fra det nye Israel (Oslo: Ansgar) Les boka her
  • 1962 – Mot blå kveld : roman (Bergen) Les boka her
  • 1964 – Bergljot (Oslo: Ansgar) Les boka her
  • 1965 – Når det døde tre blomstrer (Oslo: Ansgar) Les boka her
  • 1965 – Sangen fra fjellet (Oslo: Ansgar) Les boka her
  • 1966 – Alltid en ny vår (Oslo: Ansgar) Les boka her
  • 1966 – Malla Mo : ett fascinerande missionärsöde (Jönköping: Samförlaget)
  • 1966 – Adresse Afrika : Malla Mo : en eventyrskikkelse (Oslo: Ansgar) Les boka her
  • 1967 – Grønt lys (Oslo: Ansgar) Les boka her
  • 1968 – Hasselberget : roman (Oslo) Les boka her
  • 1968 – Tid og rømder (Oslo: Ansgar)
  • 1969 – Profetnøkkelen : Israel og nasjonene (Oslo) Les boka her
  • 1970 – Over åsens ring (Oslo: Royal forl.) Les boka her
  • 1971 – Rachel Gan Shalom (Oslo: Filadelfiaforlaget) Les boka her
  • 1972 – Når sola står i Ørneskar (Oslo: Ansgar) Les boka her
  • 1972 – Nyskapt jord (Oslo: Filadelfiaforlaget) Les boka her
  • 1973 – Blå kveld (Oslo: Ansgar) Les boka her
  • 1974 – Min fars hus (Oslo: Ansgar) Les boka her
  • 1975 – Mellom solrenningstindar : soga om Ivar Venjahola (Leikanger: Indre Sogn Samskipnad av D.V.I.F.)  [Ved Anders Madsen Gil og Per Hilleren]
  • 1978 – Damaskusporten (Oslo: Filadelfiaforlaget) Les boka her
  • 1979 – Støv fra Eden (Oslo: Ansgar) Les boka her
  • 1981 – Gjengjeldelsen (Oslo: Filadelfiaforlaget) Les boka her
  • 1981 – Minneskog (Oslo: Filadelfiaforlaget) Les boka her

I tidsskrift

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA