Luster

Kristofer Alme

Kristofer Alme (20. november 1871–5. oktober 1947) var frå Hafslo i Luster kommune. Han var bonde, organisasjonsmann og forfattar. Alme gjekk Sogndal folkehøgskule og skipa i 1892 Hafslo Ungdomslag, der han var formann i 30 år. Han var ein mykje nytta foredraghaldar, og heldt i alt over 300 foredrag kringom i bygdene. Han leia også eit songkor, og […]

Yngvar Andersen

Yngvar Andersen (fødd 1974) er ein norsk friidrettsutøvar og trenar. Han er frå i Fortun i Luster kommune og busett i Oslo. Faren var frå Marokko. Andersen er utdanna ved Norges idrettshøgskole. Han vart norsk juniormeister i kule, diskos og spyd. Andersen satsa som vaksen på ein karriere som personleg trenar, og starta i 2005 eige treningssenter […]

Henrik Angell

Henrik August Angell (fødd 22. august 1861 i Luster, død 26. januar 1922) var ein norsk offiser, eventyrar, skipionér og forfattar. Militær karriere Angell vart offiser 1882, tenestegjorde ei tid i generalstaben og tok generalstabseksamen i 1898. Han vart major og bataljonssjef i infanteriet i 1910, og oberst og regimentsjef i 1911. Han var på […]

Eli Bjørhusdal

Eli Bjørhusdal (fødd 28. februar 1972 i i Luster kommune) er ein norsk akademikar, skribent, bloggar og målkvinne. Bjørhusdal har tidlegare vore nestleiar i Noregs Mållag og sentralstyremedlem og nestleiar i Norsk Målungdom. Utdanning og karriere Bjørhusdal har doktorgrad (ph.d.) frå Universitetet i Oslo 2014 med avhandlinga Mellom nøytralitet […]

Torvald Børtnes

Torvald Børtnes (31. mai 1907–17. juli 1961) var ein norsk lærar fødd på Hafslo i Luster kommune. Han tok eksamen ved Volda lærarskule 1928, og var lærar i Hovin i Telemark 1928-1958. Børtnes er gravlagd i bygda, der han er mind som lærar og klokkar.

Alfred Espe

Alfred Espe (24. juni 1930–8. april 2002) var ein norsk lærar og historikar. Han var frå Jostedal i Luster kommune. Espe arbeidde fleire stader som lærar før han vart tilsett som lærar i Lærdal i 1968. Han vart tilsett som bygdebokredaktør i Lærdal 1975 og gav ut 5 bind av Lærdal bygdebok. I 2002 vart etterlatne skrifter etter Espe gjevne ut i bok […]

Åsmund Farestveit

Åsmund Farestveit (fødd 20. august 1905 i Modalen, død 22. mai 1986 på Voss) var ein norsk prest, omsetjar og forfattar. Han er særleg kjend for å ha omsett Augustins Confessiones til nynorsk i 1943. Farestveit vart cand.theol. 1930 og arbeidde som høgskulelærer fram til 1936. Han var stiftskapellan i Agder i 1936, sokneprest i Hafslo 1940, soknep […]

Georg Fredrik Christopher Fasting

Georg Fredrik Christopher Fasting (1. januar 1837–24. oktober 1914) var ein norsk skulemann og forfattar. Han var fødd i Bergen, oppvaksen på prestegardane i Jostedalen i Luster i 1840-1845, i Jølster frå 1845-1857 og i Førde frå 1857. Han tok artium i 1854 og cand. theol. i 1860. Han var lærar på Aars & Voss skole frå 1864, Tanks skole frå 1869, […]

Sigurd Fjøsne

Sigurd Martin Fjøsne (3. juli 1887–19. mai 1974) var ein norsk lærar, organisasjonsmann og forfattar. Han var frå Luster kommune. I 1911 tok Fjøsne eksamen ved Stord lærarskule og frå same år vart han lærar i Luster. I 1914 var han lærar i Folldal og to år seinare i Landvik, før han var tilbake i Luster i 1918. Fjøsne var ein aktiv målreisingsmann […]

Finn Halvorsen

Finn Halvorsen (fødd 9. november 1893 i Talvik i Finnmark, død 11. september 1960 i Milano i Italia) var ein norsk forfattar, kritikar og omsetjar. Halvorsen vaks opp som den yngste av seks barn i ein presteheim. Barneåra tilbrakte han i Alta, Luster og Ålesund, der han tok examen artium 1912. Etter eksamen drog han til Oslo for å studera teologi, […]