Fridtjov  Urdal
string(18) "Fridtjov_Urdal.jpg" string(14) "Fridtjov_Urdal"

Fridtjov Urdal

Fødd: 22. mars 1952

Fridtjov Urdal (fødd 22. mars 1952) er ein norsk kulturarbeidar, kunstformidlar og forfattar frå Sunnfjord. Han vaks opp i Årebrot i Flora kommune og er busett på Vassenden i Jølster. Urdal har inga formell utdanning etter folke- og framhaldsskulen, men var ei tid lærling ved Mo Jordbruksskule i Førde. Sidan 1991 har han vore tilsett ved Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde (tidlegare Sogn og Fjordane kunstnarsenter) i ulike stillingar.

Urdal er ein mangfaldig og mykje brukt formidlar med emne frå eit breitt spekter av norsk kunst- og kulturhistorie. Om skriftstykka sine seier han sjølv at han likar å sjå «korleis det ser ut på den andre sida». Derfor er han ofte uventa i kasta sine, med frisk biletbruk og frodige ordval. Fridtjov Urdal er ein kunnskapsrik og levande forteljar, med røter i den folkelege forteljekunsten, noko som også viser seg i forfattarskapen.

Urdal har gitt ut fleire bøker, mellom anna to bøker med folkelege historier og vitsar frå Sogn og Fjordane, Båten som gjekk på tvers (1981) og Fluga på veggen (1983), og ei samling med ord og uttrykk frå Sunnfjord, På hogg å» belegg (1997, saman med Jan Petter Korsedal).

Saman med Rolf Losnegård skreiv han skodespelet Det var ein gong ein krig, som Sogn og Fjordane teater sette opp i 1982. Urdal har òg prøvd seg som skodespelar, i Jubelhornet av Rolf Losnegård, med tittel etter ei novelle av Jakob Sande, og i fjernsynsserien Fantestrekar i barne-tv (NRK Sogn og Fjordane 2001).

Urdal har vore fast spaltist i Firdaposten, Florø, sidan siste halvdel av 1980-åra, og han har vore ein sentral person i Førde-revyen sidan midt i 1990-åra, mest som manusforfattar.

Bibliografi

Bøker

  • 1981 – Båten som gjekk på tvers : vist og gale frå Sogn og Fjordane (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-2051-2 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Illustrert av Ståle Melvær]
  • 1983 – Fluga på veggen : rett og rangt frå Sogn og Fjordane (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-2387-2 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Illustrert av Magne Vangsnes]
  • 1990 – Rimfakse : dikt (Naustdal: Sogn og Fjordane forlag i samarbeid med Høyanger kommune) . ISBN ISBN 82-90576-15-3 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av Erling Øyehaug ; [omslag og illustrasjonar: Geir S. Hjetland ; samla av Tove Skjerven ; redigert av Fridtjov Urdal og Tove Skjerven]
  • 1994 – Kristi Ylvisaker <utstillingskatalog> : foremothers : ei poetisk utstilling om utvandring (Førde: Sogn og Fjordane kunstnarsenter)
  • 1997 – På hogg å» belegg! : ord og uttrykk frå Sunnfjord (Haugesund: Akademisk forlag) . ISBN 82-7868-007-8 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av Jan Petter Korsedal og Fridtjov Urdal]
  • 2015 – Fritt etter Fridtjov : 365 + 1 ordtak til dagleg bruk (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-089-3  [Illustrasjonar: Anja Tveiterås]
  • 2016 – Fridtjov : ord i tide og utide (Førde: Selja Forlag) . ISBN 978-82-8240-111-1  [Illustrasjonar: Anja Tveiterås]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA