Flora

Rune Angell-Jacobsen

Rune Angell-Jacobsen (fødd 16. desember 1947) er ein norsk forfattar fødd i Florø og busett i Bjugn. Angell-Jacobsen er tidlegare oberstløytnant i Luftforsvaret, der han mellom anna arbeidde som systemoperatør på overvåkningsflyet Lockheed P-3 Orion og seinare som etterretningsoffiser. Som forfattar har han skrive fleire seriar med historisk under […]

Ole Røyseth Brende

Ole Røyseth Brende (20. september 1908–8. mars 2000) var ein norsk bedriftseigar, gründar og forfattar. Han var fødd på Hareid og busett i Flora. I ungdomsåra var Brende på selfangst i ishavet og skreiv skildringar frå ferdene i Sunnmørsposten. I 1941 skipa han Florø Møbel- og Trevarefabrikk A/S. Fabrikken hadde opptil 20 personar i arbeid. Brende […]

Hilde Buer

Hilde Buer (fødd 1958) er ein norsk sivilagronom, bonde og forfattar. Ho er fødd i Bergen og vaks opp i Os. Buer har m.a. jobba som marknadssjef i Stormøllen og som fylkesjordsjef i Hordaland. I 1999 flytta ho til øya Grøneng i Flora kommune og starta med villsaudrift, og i 2014 flytta Buer til Værlandet i Askvoll kommune. I 2011 gav Buer ut «Vill […]

Arne Domben

Arne Domben (fødd 2. mai 1906 på Kinn, død 27. september 1985) var ein norsk politimann og diktar. Han gav ut to diktsamlingar på Fonna Forlag, No er eg blitt politi! i 1943, og Mørk natt i 1976. Domben arbeidde i politiet i mellom anna Florø og Måløy.I august 1943 vart Domben, og kring 500 andre norske politifolk, arrestert av tyskarane. Han vart […]

Herdis Dyvik

Herdis Dyvik (fødd 6. februar 1939) er ein norsk lærar og forfattar. Ho er fødd og oppvaksen i Flora kommune. Dyvik har Cand.mag frå Universitetet i Oslo med faga norsk, tysk og fransk. Ho har jobba som lærar, kurshaldar, rettleiar i personleg utvikling og er Latteryogalærar. Dyvik har skrive fleire bøker.

Rolf Magne Fredheim

Rolf Magne Fredheim (fødd 16. november 1939) er ein norsk industriarbeidar, lærar og forfattar, fødd i Florø i Flora kommune i Sogn og Fjordane, seinare busett i Horten. Han debuterte i 1977 med diktsamlinga Mi røynd.

Solveig Hareide

Solveig Margrethe Hareide (fødd 21. februar 1983) er ein norsk programleiar i barne- og ungdomsprogram i NRK, mellom anna Påskemorgen og Newton. Hareide er fødd og oppvaksen i Flora. Ho var programleiar i Newton frå 2008 til 2010. Under Gullruten 2010 var ho nominert i klassen for beste kvinnelege programleiar for si rolle i Newton. I 2010 laga ho […]

Margrethe Hatleset

Margrethe Hatleset (fødd 1960) er ein norsk forfattar. Ho er frå Eikefjord i Flora kommune. I 2004 debuterte ho med diktsamlinga «Det er slik det er».

Anders Nilsen Haave

Anders Nilsen Haave (21. juli 1809–31. januar 1867) var ein norsk lekpredikant, fråhaldstalar, bonde og forfattar. Han var fødd i Naustdal. Haave vart gripen av Hauge-vekkinga og vart ein av dei fremste haugianarane i landet. Han reiste rundt i heile landet som forkynnar 1836-1849 og som fråhaldstalar for Den norsk forening mot brændevinsdrik 1855 […]

André Nikolai Haave

André Nikolai Haave (fødd 29. desember 1980) er frå Flora kommune. Han har tre-årig utdanning innan fransk språk og litteratur, etnologi og sosialantropologi. Han har arbeidd som lærar, guide og omsetjar.