Jølster

Johannes Befring

Johannes Befring (9. mai 1893–8. februar 1975) var ein norsk misjonær, oberstløytnant i Frelsesarmeen og forfattar frå Stardalen i Jølster kommune i Sunnfjord. Befring misjonerte i Indonesia og i Indokina (landområde som i dag er delt mellom nasjonane Vietnam, Kambodsja og Laos). Han var redaktør i bladet Krigsropet frå 1944-1958. Johannes Befring […]

Olav J. Befring

Olav J. Befring (1915–2000) var ein norsk bonde, sjølvlærd botanikar og amatørastronom. Han var frå Jølster. Som botanikar gav Befring i 1981 ut Jølstrafloraen. Der skreiv han mellom anna utførleg om ballastplantar, t.d. fjøreknappen. Befring vart tildelt Fylkeskulturprisen i 1985.

Sverre J. Befring

Sverre J. Befring (1923–21. juli 2003) var ein norsk bonde og forfattar. Han var frå Jølster. Befring var leiar i mange år i Stardalen mannskor, og har tonesett fleire songar for koret. Han omkom 21. juli 2003 saman med syskena Johanna Tomina og Bjarne i ei silogassulukke på heimegarden.

Hallstein Dvergsdal

Hallstein Dvergsdal (fødd 1953) er ein norsk bonde og journalist. Han er frå Jølster. Dvergsdal har studert historie og samfunnsfag. Han har sysla med lokalhistorie og har m.a. publisert ein del lokalhistorisk stoff frå Jølster.

Ludvig Eikaas

Ludvig Eikaas (fødd 20. desember 1920 i bygda Eikaas i Jølster i Sunnfjord, død 5. september 2010) var ein norsk kunstmålar, grafikar og kunstprofessor. Namnet kan òg verta stava Ludvik Eikaas. Familie Foreldrene til Ludvig Eikaas var Gardbrukar Daniel Eikaas og Synnøve Svidal. I 1949 gifta Eikaas seg med tekstilkunstnaren Synnøve Anker Aurdal […]

Georg Fredrik Christopher Fasting

Georg Fredrik Christopher Fasting (1837–1914) var skulemann og forfattar. Han var fødd i Bergen, oppvaksen på prestegardane i Jostedalen i Luster i 1840-1845, i Jølster frå 1845-1857 og i Førde frå 1857. Han tok artium i 1854 og cand. theol. i 1860. Han var lærar på Aars & Voss skole frå 1864, Tanks skole frå 1869, styrar ved Sarpsborg middelskole […]

Ole Wilhelm Fasting

Ole Wilhelm Fasting (3. februar 1852–5. februar 1915) var ein norsk ingeniør og forfattar, født i Jølster i Sunnfjord. Fasting gav ut fleire bøker med skildringar av natur og friluftsliv på Vestlandet. Jakt, turar og opplevingar i naturen med karakteristikkar av sunnfjordingen, og skildringar av embetsmannsmiljøet i Førde er sentrale emne i bøkene […]

Jarle I. Grønfur

Jarle I. Grønfur (fødd 1949) er ein norsk murar og forfattar. Han er fødd i Stryn og vaks opp i Jølster. Grønfur debuterte i Norsk Barneblad og har skrive fleire noveller i Magasinet for alle og Alle menn.

Marianne Clementine Håheim

Marianne Clementine Håheim (fødd 21. august 1987) er ein norsk forfattar frå Jølster i Sunnfjord. Ho debuterte i 2012 med diktsamlinga Bilydar. Marianne Clementine Håheim mottok Bjørnsonstipendet 2017.

Connie Hamre

Connie Hamre (fødd 26. september 1955) er ein norsk lærar og forfattar. Ho vaks opp på Leikanger og er busett på Vassenden i Jølster kommune. Hamre er adjunkt, arbeidar (per 2016) ved Vassenden skule og ho har vore aktiv tillitsvald i Utdanningsforbundet.