Otto Huseklepp (2. april 1892–31. juli 1964) var ein norsk lærar, organisasjonsmann og Venstre-politikar. Han var fødd i Guddal i Fjaler kommune og busett i Førde. Huseklepp tok eksamen ved Notodden lærerskole i 1915. I nesten heile sin yrkeskarriere var han lærar og styrar ved Sunnfjord Ungdomsskule. I perioden 1923-1929 var han lærar ved Nordfjord Ungdomsskule.

Huseklepp hadde leiarverv i indremisjon, mållag og fråhaldslag og han var kommunestyremedlem. Han var også vararepresentant til Stortinget 1946-1953, der han møtte både i 1947 og 1949. Han engasjerte seg også i oppstarten av Sunnfjordtunet (Sunnfjord museum).

Bibliografi

Bøker

  • 1933 – Sunnfjord krins av N.K.U.F. : Fjordane krins 1895 : Sunnfjord krins 1908 (Sandane: Søreides Prenteverk)  [Skriftnemnd: Ola Stubhaug, I. Helgheim, Otto Huseklepp]
  • 1936 – Reknebok for ungdomsskulen (Sandane: I kommisjon hjå bokprentar R. Søreide) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av Nils Asheim og Otto Huseklepp]
  • 1940 – Mållære for framhaldsskule, realskule og ungdomssskule (Sandane: I kommisjon hjå bokprentar R. Søreide) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av Nils Asheim og Otto Huseklepp]
  • 1952 – Solvang : Sunnfjord ungdomsskule 1902-1952 (Førde: Sunnfjord ungdomsskule) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Skriftstyre: Otto Huseklepp, Kristian Ulltang]
  • 1958 – Sunnfjordtunet (Førde: Sunnfjord Sogelag)
  • 1964 – Mållære for folkehøgskulen : nynorsk (Oslo: Fabritius) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av Nils Asheim og Otto Huseklepp]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA