Fjaler

Hans Arentz

Hans Arentz (27. august 1731–12. april 1793) var ein norsk jurist og forfattar av Beskrivelse over Söndfjord, i det Nordre Bergenhusiske Amt, fødd i sunnfjordkommunen Askvoll i Sogn og Fjordane fylke. Barndom Som dei aller fleste embetsmenn på den tida kom Arentz sjølv frå embetsmannsslekt. Far hans var Friedrich Arentz (1699–1779), sokneprest […]

David Bakke

David Olsson Bakke (30. april 1857–25. april 1935) var ein gardbrukar, verkstyrar og stortingsmann for Venstre frå Ytre Holmedal i Sunnfjord. Bakke var son til ein gardbrukar som fire periodar var varamedlem til Stortinget. Sjølv gjekk han folkehøgskule og landbruksskule før han overtok farsgarden i 1880. Året før, 1879, tok han til som styrar av […]

Helga Bekker

Helga Bekker (fødd 1886 i Bergen, død 1969) var ein norsk forfattar og redaktør. Bekker var utdanna lege, men jobba som redaktør for tidsskrifta Naturlægen og Tidsskrift mot vitenskapelig dyreplageri og skreiv dikt. Ho gav ut fire diktsamlingar med kjærleik og jord-og himmellivet som hovudmotiv. Bekker vaks opp i Fjaler i Sunnfjord.

Jens Olavson Espedal

Jens Olavson Espedal (fødd 5. februar 1898 på Espedal, død 13. november 1925) var ein radikal forfattar med røter i bondesamfunnet. Han var elev ved Mo jordbruksskule i Førde i 1917 og ved Voss folkehøgskule 1920 til 1921. Diktsamlinga Kvardagskvæde vart gjeven ut posthumt av slektningar i 1926 året etter at Espedal døydde 27 år gamal. Aasulv Stav […]

Ragnvald Fagerheim

Ragnvald Olson Fagerheim (8. mars 1883–19. mars 1961) var ein norsk lærar, lokalhistorikar og Venstre-politikar. Han var frå Rivedal og busett i Dale i Fjaler kommune. Fagerheim tok eksamen frå Elverum lærerskole 1903, og var lærar m.a. ved Dingemoen skule i Dale frå 1921. Han underviste i nynorsk i skulane før kommunestyret hadde gjort formelt v […]

Magne Fagerheim

Magne Fagerheim (20. januar 1916–1. november 2007) var ein norsk adjunkt, lokalhistorikar og SV-politikar. Han var frå Dale i Fjaler kommune. Fagerheim var lærar ved Falchs Pensjonat- og Middelskole, og dreiv saman med brørne Oddleif Fagerheim og Sverre Fagerheim Sunnfjord Gymnas i tida 1943-1951. Fagerheim har vore medforfattar av bygdeboka for F […]

Bernhard Folkestad

Bernhard Dorotheus Folkestad (13. juni 1879–9. mars 1933) var ein norsk kunstmålar og forfattar. Liv og gjerning Folkestad var son til emissæren Abraham Folkestad, fødd i London men voks opp på Folkestad i Fjaler. Han vart utdanna i Noreg, med korte opphald hos Laurits Tuxen og Kristian Zahrtmann i København i 1902 og 1903. Seinare var han på […]

Gösta af Geijerstam

Gösta af Geijerstam (1888–1954) var ein svensk forfattar og kunstmålar som kom til Dale i Fjaler i 1905, og vart busett der. Gösta af Geijerstam sine bøker handla om jakt, skildringar i roman-form av fjellbondens liv i Gudbrandsdalen og eige liv. «Levende naturfølelse og humoristisk sans særmerker Geijerstams bøker», skriv litteraturkritikar Erik […]

Sunniva af Geijerstam Hagenlund

Sunniva af Geijerstam Hagenlund (4.februar 1929–2009) er ein norsk forfattar frå Dale i Fjaler i Sunnfjord. Sunniva af Geijerstam Hagenlund har gitt ut ei bok som skildrar vennskapet mellom faren Gösta af Geijerstam og forfattaren Sigrid Undset. Den har tittelen Portrett av et vennskap og kom ut i 1994. Boka er basert på brevveksling mellom dei to […]

Olaug A. Haugen

Olaug A. Haugen (fødd 1956) er ein norsk bibliotekar og forfattar. Ho er frå Dale i Fjaler kommune og busett i Førde.