Olav A. Loen

Fødd: 12. juli 1903

Død: 6. juli 1984

Olav Andreasson Loen (12. juli 1903–6. juli 1984) var ein norsk bonde og forfattar frå Loen i Stryn. Han skreiv også under pseudonymet Olav Alvheim.

Olav A. Loen er bonde, diktar og granskar. Han har skrive romanar og noveller, skodespel og dikt, dessutan fleire lagsskrifter og utgreiingar om lokalhistoriske emne. I fjor kom ei bok med utgreiingar om ei rad med nynorske diktarar, som kanskje ikkje høyrer til dei store, men som må vere med om biletet av nynorsk litteratur skal bli fullstendig og sant. Såleis har Olav A. Loen vore verksam på mange område. Til dette kjem at han har teke mange tak i lag, organisasjonar og bygdepolitikk. Garden har og kravt sin mann. Om Olav A. Loen kan det ordet høve, at den som har mykje å gjere, han får og mykje gjort.

Reidar Djupedal[1]

Han var formann i Firda Ungdomslag 1950-1955. Han tok også initiativet til Årbok for Nordfjord i 1951, og var redaktør for årboka fram til 1979. Loen har ein stor og variert litterær produksjon.[2][3] I 1970 gav han ut boka Bygda gav diktarsyn, ei samling av 25 korte forfattarbiografiar.[4]

Bibliografi

Bøker

1920 – Bort frå Guds vegar : forteljing (Breidablikk: Breidablikk)  [utg. under pseudonymet Olav Alvheim]

1920 – Naar myrkret fell : spel i ei vending (Svorkmo: Frilyndt Ungdom)  [utg. under pseudonymet Olav Alvheim]

1922 – Magt og æra : spel i ei vending (Voss: Unglyden)

1922 – Ungdoms-elsk : spelstykke og småsoger (Voss: Unglyden)  [utg. under pseudonymet Olav Alvheim]

1924 – Livsstrid : forteljingar (Sandane: Firda Tidend)  [utg. under pseudonymet Olav Alvheim]

1925 – Ung elsk (Hamar: Eige forl.) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [utg. under pseudonymet Olav Alvheim]

1925 – Dragsog : forteljing (Voss: Unglyden)  [utg. under pseudonymet Olav Alvheim]

1926 – Livsval : henne eller dei hine : ein livslagnad : forteljing (Voss: Unglyden)  [utg. under pseudonymet Olav Alvheim]

1926 – Ungkarselsk : forteljing (Voss: Unglyden)  [utg. under pseudonymet Olav Alvheim]

1927 – Fraa innstengde dalar : forteljingar (Sandane: Firda Tidend)  [utg. under pseudonymet Olav Alvheim]

1927 – Mot høgda : Nils Aasgards ungdom : forteljing (Sandane: Firda Tidend)  [utg. under pseudonymet Olav Alvheim]

1927 – Vetle Vislie : ein diktarprofil (Sandane: Firda Tidend)  [utg. under pseudonymet Olav Alvheim]

1927-1928 – Livsens spel : forteljing (Hamar: Austland)  [utg. under pseudonymet Olav Alvheim]

1934 – Ingrid Vestgarden : ein kvendelagnad (Surna: Heim-veg)  [utg. under pseudonymet Olav Alvheim]

1934 – Nordfjordeid (Eid: Fjordabladet)

1943 – Ingvald Forsberg : ein diktarprofil (Hamar: Norli) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [utg. under pseudonymet Olav Alvheim]

1943 – Ung elsk (Oslo: Fonna) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [utg. under pseudonymet Olav Alvheim. 2. utg.]

1946 – Taterprinsessa (Oslo: Fonna) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [utg. under pseudonymet Olav Alvheim.]

1947 – Firda ungdomslag gjennom 50 år : festskrift 1896-1946 (Sandane: Laget) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [skriftnemnd: Olav A. Loen, Leif Arnold Loen]

1956 – Ingvald Forsberg : ein diktarprofil : til 70 årsdagen (Bøstad: Evjeberg) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [utg. under pseudonymet Olav Alvheim]

1958 – Trettandedagen (Bøstad: Evjeberg) Tilgjengeleg i bokhylla.no

1970 – Bygda gav diktarsyn : 25 forfattarportrett (Trondheim: Rune) Tilgjengeleg i bokhylla.no

1971 – Stryn kommunale elektrisitetsverk 50 år : 1920-1970 (Sandane: Stryn kommunale elektrisitetsverk)  [red. av Olav A. Loen]

1977 – Harde hender : forteljingar (Trondheim: Rune) . ISBN 82-523-0153-3 Tilgjengeleg i bokhylla.no

1979 – Garden og ætta : Sjurebruket : gr. nr. 70 br. nr. 6 Loen i Stryn (Oslo)

1980 – Det var deira draum (Trondheim: Rune) . ISBN 82-523-0258-0 Tilgjengeleg i bokhylla.no

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

  1. Reidar Djupedal «Ein stad å vere frå, Olav A. Loen og Årbok for Nordfjord» I: Årbok for Nordfjord, 1981
  2. nrk.no Kjende personar i Stryn fødde år 1900-1925 i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane
  3. Nettversjon av boka Garden og Ætta, som han gav ut i 1979.
  4. Olav A. Loen. Bygda gav diktarsyn. Rune forlag, 1970 (ebok)

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA