Stryn

Jacob Aaland

Jacob Aaland (27. april 1865–18. oktober 1950) var ein lærar, historikar og statsstipendiat frå Randabygda i Stryn. Han var ein pioner i arbeidet med bygdesoger og anna lokalhistorisk gransking, og er særleg kjend for sitt omfangsrike verk Nordfjord fraa gamle dagar til no: II. Dei einskilde bygder, som kom i fem, tildels tjukke, band i tida 1909 […]

Anny Berge Alsaker

Anny Berge Alsaker (fødd 1927) er ein norsk forfattar frå garden Berge i Oppstryn i Stryn kommune. Som vaksen flytta ho til Tønsberg, der ho budde lenge. I 1962 flytta ho attende til Stryn. Ho har òg budd i Førde og i Spania. Anny Berge Alsaker har tidlegare arbeidd som hjelpepleiar og fotsoneterapeut. Ho debuterte som forfattar i 2009 med boka […]

Ivar Andenæs

Ivar Andenæs (fødd 1947) er ein norsk forfattar og direktør. Han er fødd i Vadheim, vaks opp i Stryn og er busett på Gjettum. Han har m.a. arbeidd som journalist i Fjordenes Tidende, Aftenposten og NRK, og som redaktør (vikariat) i Fjordingen. Andenæs var underdirektør i Kulturdepartementet og direktør i Statens Medieforvaltning i Fredrikstad frå […]

Johs. Andenæs

Johannes Bratt Andenæs, kjend som Johs. Andenæs (7. september 1912–3. juli 2003) var ein norsk jurist med doktorgrad. Han var professor i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo (frå 1946 til 1982) og ein av dei leiande juristane i Norge. Virke Andenæs har blitt ståande som ein nestor innan norsk juss, spesielt strafferett, straffeprosess og sta […]

Vidar Bergset

Vidar Bergset (fødd 2. mai 1928 i Stryn) er ein norsk lærar og forfattar. Han har arbeidd i barneskule og ungdomsskule og har også vore lærar på Valdres folkehøgskole. I den tida var han også redaktør av tidsskriftet Kristen Folkehøgskole. Bergset har gjeve ut fleire bøker med forteljingar, barnebøker og dikt. Han var også medforfattar av Norge […]

Ola A. Bergset

Ola A. Bergset (13. juni 1891–10. april 1977) var ein norsk lærar. Han var frå Fjelli i Stryn kommune. Bergset tok eksamen ved Volda Lærarskule i 1912. Etter å ha hatt fleire vikariat, kom han kom til Stongfjorden i Askvoll kommune i 1913, der han vart i 50 år. Bergset var m.a. formann i Askvoll lærarlag, Stongfjorden Sanitetslag, Stongfjorden In […]

Marthe Holien Bø

Marthe Holien Bø (fødd 18. april 1984) er ein norsk medievitar og bloggar. Ho vaks opp på Vestre Toten og er busett i Stryn. Bø er utdanna medievitar frå Universitetet i Bergen og muntleg formidlar frå NLA Høgskolen. Ho jobbar på Stryn bibliotek.

Wilhelm Bødal

Wilhelm Bødal (15. april 1922–22. juli 1987) frå Loen i Stryn kommune var lærar og forfattar. Han tok artium ved Firda gymns, gjekk på Stord lærarskule, Statens lærarskule i forming i Oslo og han tok vidareutdanning i historie, samfunnsfag, norsk og engelsk. Bødal var lærar i Stryn frå 1951, frå 1962 ved Stryn ungdomsskule. Han har gjeve ut fleir […]

Hans Bull Brodtkorb

Hans Bull Brodtkorb (1884–1946) var ein norsk storviltjeger, eventyrar og forfattar. Han var fødd på Tingvoll og vaks opp på Faleide i Stryn kommune.

Berit Lyslo Concha

Berit Lyslo Concha (fødd 1968) er ein norsk forfattar. Ho er frå Innvik i Stryn kommune.