Kjersti  Kollbotn

Kjersti Kollbotn

Nasjonalitet: Norsk

Fødd: 27. februar 1959 (59 år)

Yrke: Ingeniør

Periode: 2009 –

Debut: Eg er mamma, eg skal vere god

Kjersti Kollbotn (fødd 27. februar 1959)[1] er ein norsk sivilingeniør og forfattar frå Breim i Nordfjord, no busett i Tromsø.[2] Etter examen artium utdanna ho seg til sivilingeniør, med doktorgrad i byplanlegging (NTNU, 1993). Feltarbeidet gjorde ho i Guatemala. Ho har vore forskar ved Norsk institutt for by- og regionforsking, og har sidan 1995 budd i Tromsø.

Kjersti Kollbotn har tatt forfattarutdanning ved Universitetet i Tromsø og i Bø og er ein av fem medlemmar i gruppa «Jernbanepoetene».[2] Ho debuterte som skjønnlitterær forfattar med boka Eg er mamma, eg skal vere god i 2009. For denne boka blei ho heidra med Blix-prisen i 2010.[2]

I 2015 blei ho tildelt Tanums kvinnestipend.[3]
Kollbotn var styremedlem i Nordnorsk forfattarlag i 2007-2011.

Bibliografi

Bøker

  • 1993 – Bystruktur og kollektivtrafikk : ein studie frå Trondheim (Oslo: Norsk institutt for by- og regionforskning) I fulltekst ved nb.no  [Forfattarar: Kjersti Kollbotn, Tore Langmyhr, Henning Lervåg]
  • 1995 – Kvinner i fysisk planlegging : kva har auka deltaking betydd? (Oslo: Norsk institutt for by- og regionforskning) I fulltekst ved nb.no
  • 2009 – Eg er mamma. Eg skal vere god (Oslo: Cappelen Damm) . ISBN 978-82-04-14194-1
  • 2011 – Taxi! (Oslo: Cappelen Damm) . ISBN 978-82-02-36624-7
  • 2013 – Isbrann (Oslo: Cappelen Damm) . ISBN 978-82-02-45206-3
  • 2017 – Jord (Oslo: Cappelen Damm) . ISBN 978-82-02-56213-7

I bøker – eit utval

  • 2010 – Løsrivelse : noveller (Oslo: Bokvennen) . ISBN 978-82-7488-231-7  [Av innhaldet: Hardt saman / Kjersti Kollbotn]
  • 2012 – Ekstremisme : noveller (Oslo: Bokvennen) . ISBN 978-82-7488-270-6  [Av innhaldet: Rom null-trettiåtte: Trøyst / Kjersti Kollbotn.]
  • 2013 – Noe som er inni noe : Nordnorsk forfatterlag – 40 år : jubileumsantologi 1972-2012 (Tromsø: Nordnorsk forfatterlag) . ISBN 978-82-99888-41-7  [Av innhaldet: Hjartedrønn. Stille / Kjersti Kollbotn.]

I tidsskrift – eit utval

Prisar og utmerkingar

  • 2010 – Blixprisen for Eg er mamma, eg skal vere god[4]
  • 2015 – Tanums kvinnestipend[5]

Referansar

  1. ««Kjersti Kollbotn (27.02.1959)»». forfatterkatalogen.no (Norsk Forfattersentrum). Henta 18. november 2016. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Fjordgaten
  3. «Kjersti Kollbotn er tildelt Tanums kvinnestipend 2015». Cappelen Damm. Henta 21. september 2015. 
  4. «Kjersti Kollbotn (1959 – )». Fjordgaten / Kulturnett. Henta 21. september 2015. 
  5. «Kjersti Kollbotn er tildelt Tanums kvinnestipend 2015». Cappelen Damm. Henta 21. september 2015. 

Bakgrunnsstoff


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA