Gloppen

Styrkår Almenning

Styrkår Almenning (28. juli 1918–9. oktober 2003) var ein norsk lærar og forfattar frå Vågsøy. Han var også klokkar i Breim kyrkje i mange år.

Margrethe Henden Aaraas

Margrethe Henden Aaraas (fødd 1962) er ein norsk journalist og forfattar frå Sandane i Gloppen. Aaraas var programsekretær i NRK, ein periode i Oslo og seinare ein periode i Førde. I 2001 vart ho tilsett ved kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Ho er no busett i Nittedal. I 2000 debuterte ho som forfattar med 2-binds verket «På kyrkje […]

Elias Monsen Aardal

Elias Monsen Aardal (1880–1968) var ein norsk lærar og forfattar, fødd i Aardal i Breim i Gloppen kommune. Han gjekk på Elverum lærerskole frå 1898 – 1900, og han var lærar mellom anna i Årdal i Sogn, Breim, Herøy i Helgeland og Høgsfjord. I perioden 1919 – 1943 var han lærar i Høyland utanfor Sandnes. Han gav ut ei minnebok frå 1890-åra frå heimb […]

Kari Arnestad

Kari Jenny Kristine Arnestad (fødd 8. oktober 1910 i Hyen i Gloppen, død 20. juni 1985) var ein norsk evangelist, kurator og forfattar. Ho var dotter til ein lærar og vaks opp i Angedalen i Førde og på Hestenesøyra i Gloppen. Arnestad gjekk på folkehøgskule på Vereide og bibelskule i Oslo. Ho var reisesekretær i Oppland krets av Det Norske Misjons […]

Georg Arnestad

Georg Arnestad (fødd 1948) er ein norsk redaktør, sakprosaforfattar og kulturforskar fødd på Rygg i Gloppen kommune og busett i Sogndal. Arnestad tok artium i språkfag ved Firda vidaregående skule i 1967. Han vart utdanna siviløkonom ved Norges Handelshøyskole (NHH) i 1973, og høgare avdeling i økonomisk historie ved NHH i 1977. Arnestad var vitsk […]

Johannes Aursland

Johannes Helgesson Aursland (fødd 11. august 1899 i Skjold, død 26. mars 1975) var lektor og forfattar. Aursland var son til ein gardbrukar i dåverande Skjold herad i Nord-Rogaland. Han tok lærareksamen i 1922 og cand. philol. i 1935. Aursland var lærar på Borre framhaldsskule 1922-1924, Time framhaldsskule 1924-1925 og Skjold folkeskule 1925-1936 […]

Jon Bergheim

Jon Bergheim (4. august 1923–22. august 2007) er ein norsk forfattar. Han er fødd i Breim i Gloppen kommune. Bergheim nytta pseudonymet Jo Foss og har mellom anna gjeve ut diktsamlinga Villblomar og Sagt og gjort – ei samling med dikt og lokalhistorie frå Breim.

Rolf Bjørnarheim

Rolf Bjørnarheim (fødd 1926) er ein norsk forfattar frå Gloppen i Sogn og Fjordane.

Ove Eide

Ove Lidvar Eide (fødd 1. september 1950 på Sandane) er ein norsk forfattar, bokredaktør, lektor og kulturarbeidar frå Sandane i Gloppen kommune. Han har gått inn for å formidla diktaren Jakob Sande, mellom anna gjennom ein biografi. Liv og virke Ove Eide tok hovudfag i nordisk ved Universitetet i Bergen, der han tok for seg forfattaren Lars Rus […]

Bodil Fjellestad Eikrem

Bodil Fjellestad Eikrem (fødd 1981) er ein norsk kokk. Ho er frå Gloppen. Eikrem har arbeidd på kjende restaurantar som Lofoten Fiskerestaurant i Oslo og Spisekroken i Bergen. Ho er kjøkkensjef på Gloppen hotell i Sandane, og er kåra til Årets Bondelagskokk 2013/2014.