Kvinner

Anny Berge Alsaker

Anny Berge Alsaker (fødd 1927) er ein norsk forfattar frå garden Berge i Oppstryn i Stryn kommune. Som vaksen flytta ho til Tønsberg, der ho budde lenge. I 1962 flytta ho attende til Stryn. Ho har òg budd i Førde og i Spania. Anny Berge Alsaker har tidlegare arbeidd som hjelpepleiar og fotsoneterapeut. Ho debuterte som forfattar i 2009 med boka Me […]

Marit Aamodt

Marit Aamodt (fødd 18. februar 1957) er ein norsk lektor og lyrikar. Ho er frå Gaular i Sogn og Fjordane og er busett i Bergen. I 2008 gav ho ut diktsamlinga Men mitt hjarta vaker.

Margrethe Henden Aaraas

Margrethe Henden Aaraas (fødd 1962) er ein norsk journalist og forfattar frå Sandane i Gloppen. Aaraas var programsekretær i NRK, ein periode i Oslo og seinare ein periode i Førde. I 2001 vart ho tilsett ved kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Ho er no busett i Nittedal. I 2000 debuterte ho som forfattar med 2-binds verket «På kyrkje […]

Kari Arnestad

Kari Jenny Kristine Arnestad (fødd 8. oktober 1910 i Hyen i Gloppen, død 20. juni 1985) var ein norsk evangelist, kurator og forfattar. Ho var dotter til ein lærar og vaks opp i Angedalen i Førde og på Hestenesøyra i Gloppen. Arnestad gjekk på folkehøgskule på Vereide og bibelskule i Oslo. Ho var reisesekretær i Oppland krets av Det Norske Misjons […]

Anna Jorunn Avdem

Anna Jorunn Avdem (fødd 1952) er ein norsk historikar, forfattar og SV-politikar. Ho er fødd i Lesja, busett i Lærdal. Avdem har som forfattar gjeve ut fleire bøker om kvinner sine kår. Ho har arbeidd som lærar i skulane i Lærdal og frå 2002 vart ho tilsett som museumslektor på De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum. Hovudoppgåva hennar «Gjort […]

Dorthea Hansdatter Bakke

Dorthea Hansdatter Bakke (fødd 1818 i Bergen, død 1900) var ein norsk salmediktar. Ho kom til Bremanger som sjuåring, og ho vart buande der resten av livet.

Johanna Petrine Bakke-Wiik

Johanna Petrine Bakke-Wiik (20. juli 1905–28. september 1981) var ein norsk forfattar. Ho var fødd i Lunde i Sirdal i Vest-Agder, men kom tidleg til Davik i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane. Der budde ho mesteparten av livet. Ho gjekk handelsskule og bibelskule. Bakke-Wiik gav ut forteljingar og dikt på eige forlag.

Kari Bakke

Kari Kristina Lenvik Bakke, fødd Frydenlund (21. oktober 1908–17. mai 1998), var ein forfattar og stenograf frå Lærdal i Sogn. Etter framhaldsskule gjekk Bakke på Sogndal folkehøgskule i eit år og på handelsskule i Bergen i eit halvt år. Deretter utdanna ho seg ved Statens kurs for stortingsstenografer i Oslo. Saman med to andre kvinner etablerte […]

Kari Leine Balog

Kari Leine Balog (fødd 1950) er ein norsk prest og forfattar. Ho vaks opp i Ytre Arna og er busett i Selje, der ho er sokneprest. Balog er engasjert i utvikling av Sunnivaleia frå Florø/Kinn til Selje.

Helga Bekker

Helga Bekker (fødd 1886 i Bergen, død 1969) var ein norsk forfattar og redaktør. Bekker var utdanna lege, men jobba som redaktør for tidsskrifta Naturlægen og Tidsskrift mot vitenskapelig dyreplageri og skreiv dikt. Ho gav ut fire diktsamlingar med kjærleik og jord-og himmellivet som hovudmotiv. Bekker vaks opp i Fjaler i Sunnfjord.