Hans  Svarstad

Hans Svarstad

Fødd: 11. juli 1883

Død: 1. april 1971

Hans Paulson Svarstad (11. juli 1883–1. april 1971) var ein lærar, politikar og forfattar frå Innvik i Stryn kommune.

Etter å ha gått amtsskulen på Eid i Nordfjord, tok Svarstad eksamen frå Volda lærarskule i 1907. Han fekk same året arbeid på folkehøgskulen Framnes, der han vart verande i 30 år. I 1931 vart han styrar for Framnes mellomskule, ei stilling han hadde til 1943.

Svarstad representerte Kristeleg Folkeparti og Hordaland på Stortinget frå 1937 til 1953.

Han gav ut forteljingane Ættararv i 1929 og Frå Bøgrendi året etter. I 1925 gav han i samarbeid med H. Høeg ut Lesebok for norsk ungdom.

Han fekk både Kongens fortenestemedalje i gull og Klostermedaljen.

Svarstad er gravlagd på Vikøy kyrkjegard.

Bibliografi

Bøker

  • 1925 – Lesebok for norsk ungdom (Bergen: Lunde) I fulltekst ved nb.no  [Ved Hans Høeg og Hans Svarstad]

I bøker – eit utval

  • 1947 – Framnes ungdomsskule 50 år ( Indremisjonssamskipnaden) I fulltekst ved nb.no  [Redaktør: P. S. Eikrem. Av innhaldet: Ungdomsskulen sitt innslag i norsk folkeliv / Hans Svarstad, s. 36-41]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA