Bjarte Sindre

Bjarte Sindre

Statsborgarskap: Noreg

Fødd: 4. juni1936 Florø

Yrke: lærar, skribent, lokalhistorikar

Born: 3

Bjarte Sindre

.mw-parser-output .thumbcaption{text-align:center}

Bjarte Sindre (fødd 4. juni 1936 Sindre, Bjarte) er ein norsk lektor, lokalhistorikar og forfattar. Han er fødd i Kinn.

Bjarte Sindre tok artium frå Firda landsgymnas 1955 og BSKA 1956. Tenestegjorde ved Stavanger festning til sommaren 57. Cand.philol. i Oslo hausten 1964 med nordisk hovudfag. I studietida vikarierte han ved Sinsen gymnas. Etter eksamen skulte han på Eid, og vart tilsett ved Volda gymnas hausten 1965. Her vart han sekretær og deretter inspektør. I 1970 drog han til Flora Gymnas og vart inspektør. Han var rektor frå 1980.

Sindre har eit vidt interessefelt, og ein omtykt kåsør og talar. Han har m.a. vore leiar i Rektorkollegiet, S&F Skrivelag, Florø Sjakklubb og FT&IF. Som skulemann tok han ei omfattande kursing i idrettsfaget, og var aktiv  til han fylte 70 år.

Som pensjonist har Sindre skrive mykje, blant anna om flypioneren Thor Solberg og den historiske romanserien «Odins smykke» frå vikingtida (17 band). Han er æresmedlem i Flora Historielag og Florø Turn- og Idrettsforening, og har fått Flora sin kulturpris. Han er gift med Karen (f. Horn), har tre barn og åtte barnebarn.

Sindre har eit omfattande forfattarskap bak seg. Hovudverket hans er ein romanserie frå vikingtida på 17 band, med namnet Odins Smykke (2010―2021). Handlinga foregår under regjeringstida til Harald Hårfagre, Eirik Blodøks, Håkon Adalsteinsfostre og Harald Gråfell. I 2009 kom han med boka Hilsen fra Florø, der stikk og postkort fortel historia for Florø og Kinn. I 2012 utgav Sindre Posten i Flora, som omhandlar styrarar av posten i Florø, tilsette ved Florø postkontor, postopneri, brevhus, landpostruter, skipspost, bipost. Samme året kom boka Flypioneren Thor Solberg, som året etter blei vald til Årets norske flybok 2013 av Magasinet Flyhistorie. I 2019 kom krimromanane Mord etter mal og Mord i Kvitt. Den første tar utgangspunkt i den uforklarlige forsvinningssaka til ungjenta Paula Andersen i Gjengedalsfjella i 1944. Den andre legg handlinga til notid ved Sentralsjukehuset i Førde.

Vidare har Sindre skrive eit stort tal historiske artiklar, til dømes Floraminne.

Bibliografi

Bøker

  • 1973 – Tilråding om : Nærkringkastingsdrift i Flora  [Medforfattar: Kringkastingsringen]
  • 1992 – Florø postkontor 100 år (Florø: Postkontoret)  [Brosjyre]
  • 1994 – Frå liten til stor : Florø turn & Idrettsforening gjennom 100 år (Florø: Florø Turn & Idrettsforening) I fulltekst ved nb.no  [Medforfattar : Jens Wollebæk]
  • 1994 – I Ramnens skugge / Rolf Losnegård (Florø: Kinn forlag) I fulltekst ved nb.no  [“I ramnens skugge” er basert på Kinnaspelet “Songen ved det store djup”. Historisk faktadel av Bjarte Sindre]
  • 2000? – Florø : fotohefte frå gamle Florø (Florø: Reklamebyrået A til Å)  [Medforfattar: Malvin Horne]
  • 2009 – Hilsen fra Florø : postkort fra gamle Florø og Kinn (Florø: Eige forlag). ISBN 978-82-303-1450-0
  • 2010 – Asgeir Åsason (Førde: Selja forlag). ISBN 978-82-8240-030-5  [Odins smykke. 1]
  • 2011 – Berserken (Førde: Selja forlag). ISBN 978-82-8240-032-9  [Odins smykke. 2]
  • 2011 – Trollbøn (Førde: Selja forlag). ISBN 978-82-8240-034-3  [Odins smykke. 3]
  • 2011 – Møyfrid (Førde: Selja forlag). ISBN 978-82-8240-036-7  [Odins smykke. 4]
  • 2012 – Flypioneren  : Thor Solberg (Førde: Selja forlag). ISBN 978-82-8240-059-6
  • 2012 – Posten i Flora : posthistorie : styrarar av posten i Florø, tilsette ved Florø postkontor, postopneri, brevhus, landpostruter, skipspost, bipost (Florø). ISBN 978-82-303-2191-1
  • 2016 – Britannia (Florø: Eige forlag). ISBN 978-82-690628-0-9  [Odins smykke. 5]
  • 2017 – Miklagard (Florø: Eige forlag). ISBN 978-82-690628-1-6  [Odins smykke. 6]
  • 2017 – Odins rike (Florø: Eige forlag). ISBN 978-82-690628-2-3  [Odins smykke. 7]
  • 2017 – Nederlaget (Florø: Eige forlag). ISBN 978-82-690628-3-0  [Odins smykke. 8]
  • 2017 – Broderfreden (Florø: Eige forlag). ISBN 978-82-82690628-1-6  [Odins smykke. 9]
  • 2018 – Seidkongen (Florø: Eige forlag). ISBN 978-82-82690628-1-6  [Odins smykke. 10]
  • 2018 – Mordbrannen (Florø: Eige forlag). ISBN 978-82-82690628-1-6  [Odins smykke. 11]
  • 2018 – Blodsbrør (Florø: Eige forlag). ISBN 978-82-690628-7-8  [Odins smykke. 12]
  • 2018 – Giftarmål (Florø: Eige forlag). ISBN 978-82-690628-8-5  [Odins smykke. 13]
  • 2019 – Mord etter mal (Florø: Eige forlag). ISBN 978-82-690628-9-2
  • 2019 – Mord i kvitt (Florø: Eige forlag). ISBN 978-82-691629-0-5
  • 2020 – Herse (Florø: Eige forlag). ISBN 978-82-691629-1-2  [Odins smykke. 14]
  • 2020 – Utferder (Florø: Eige forlag). ISBN 978-82-691629-2-9  [Odins smykke. 15]
  • 2020 – Ny konge (Florø: Eige forlag). ISBN 978-82-691629-3-6  [Odins smykke. 16]
  • 2021 – Ættboren (Florø: Eige forlag). ISBN 978-82-691629-4-6-3  [Odins smykke. 17]

I bøker – eit utval

  • 1984 – Havet og mennesket : noveller frå Sogn og Fjordane ( Sogn og Fjordane magasin). ISBN 82-90576-00-5 I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet : Storviltjegeren / Bjarte Sindre, s. 47-52]

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord