Albert Joleik (14. mars 1880–30. april 1968) var ein norsk bladmann, målmann og lokalhistorikar. Han vart fødd som Albert Sigvard Andersen den 14. mars 1880 i Flora i Sunnfjord i noverande Sogn og Fjordane fylke. I 1905 fekk han namnet Albert Joleik offentleg godkjend.

Joleik tok universitetseksamen i geografi, naturfag, norsk og tysk. Han fullførde examen artium 16 år og 3 måndar gamal i 1896, som den yngste nokonsinne. I 1901 var han den fyrste studenten til å levera embetseksamen på landsmål (nynorsk).

Joleik var bladmann (journalist), lokalhistorikar og målmann. Han budde i Bergen og på Kleppstølen i Naustdal kommune, der han hadde gard. Mellom 1905 og 1908 var han offiser i Belgisk Kongo.

Frå 1921 vart Joleik statsstipendiat. I tida før den andre verdskrigen var han redaktør for ymse aviser. Her kan nemnast Spejelen i Trondheim, Gula Tidend og sitt eige blad Fjordaposten»i Bergen fram til 9. april 1940.

Joleik skreiv ei rik framstilling av historia til bygdene i Sunnfjord. Mellom anna Soga um Jølst fram til 1801 og litevetta um Breim (1967) om Jølster og Sunnfjordsoga fram til 1801 (1959). Joleik var ein kjend radiokåsør og festtalar.

Bibliografi

Bøker

  • 1925 – Soga um Torgjils Errabeinstjup, eller Floamanna saga (Bergen: Fjordaposten) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Omsetjar: Albert Joleik]
  • 1967 – Soga um Jølst : fram til 1801 : og litevetta um Breim (Årdal i Jølster: Jølster sogenmnd) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1979 – Sunnfjordingen og haugianaren Anders Haave (Førde: P.T.K.)
  • 1980 – Kløppstøls-folkje i 400 år (Bergen: K. J. Nedrebø)  [Redigert av Kjellrun Joleik Nedrebø og Yngve Nedrebø]
  • 1980 – Soga om Flora : før: Eikefjord, Florø, Kinn og Bru kommunar, no: Flora kommune. Soga fram til 1801 (Florø: Flora sogenmnd)

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA