Naustdal

Olai Aa. Aalen

Olai Aa. Aalen (1874–1949) var ein norsk lærar og forfattar. Han var frå Vevring i Naustdal kommune. Aalen tok eksamen ved Stord lærarskule 1895 og var lærar i Holsen i Førde kommune og i Eikefjord i Flora kommune. Han var også lærar i Vanylven, på Rennesøy og i perioden 1913-1929 var han lærar på Våland skole i Stavanger. I 1929 flytta han til Os […]

Åsmund Berthelsen

Åsmund Berthelsen (fødd 1952) er ein norsk lærar, journalist, forleggjar, politikar og forfattar. Han er frå Åmdals Verk i Tokke kommune, og busett i Naustdal. Berthelsen var leiar i Senterungdomens Landsforbund 1974-1978, han var medlem av Naustdal kommunestyre for SV frå 1988, og var også varaordførar ein periode. Han var redaktør av Dølaposten […]

Arnfinn Bruflot

Arnfinn Bruflot (1904–1999) frå Naustdal var målar, journalist og forfattar. Han tok artium ved Firda gymnas i 1927. I 1928 emigrerte han til Amerika og var sidan busett der. Ein kort periode var han redaktør av Western Viking og han var også med i redaksjonen i Ny Verd, avisa til Vinland Mållag, der han var aktivt med.

Inge Eiksund

Inge Eiksund (fødd 1921) er ein norsk lokalhistorikar. Han er busett i Naustdal.

Andreas Engebø

Andreas Engebø (fødd 1937) er ein norsk lærar og forfattar. Engebø vart fødd på Kvellestad i Vevring i Naustdal og busette seg seinare i Holmedal i Askvoll. Han har eksamen frå Befalskolen for Infanteriet i 1955, artium frå Voss landsgymnas i 1958 og eksamen frå Stord lærarskule i 1965. Engebø har vore lærar fleire stader, og frå 1969 ved Holmedal […]

Mathias Mortenson Flokenæs

Mathias Mortenson Flokenæs (1773–1830) var lærar og forkynnar. Han var fødd i Vassbotnen i Vevring i Naustdal kommune. Han vart seinare buande i Flokenes, I 1802 slutta han seg til haugevenene. Flokenæs var lærar i Førde prestegjeld fram til 1820.

Mads Flokenes

Mads Flokenes (7. februar 1895–20. mars 1981) var ein norsk lærar og ordførar. Han var fødd i Vevring i Naustdal kommune. Då faren døydde, flytta mora og borna til Askvoll kommune. Flokenes gjekk på folkehøgskule og lærarskule, og han var lærar fleire stader, m.a. i Vevring. Han var mykje med i kommunale styre og var ordførar i Askvoll 1956-1963. […]

Matias Furevik

Matias Furevik (20. juli 1888–18. april 1946) var ein norsk forkynnar og forfattar. Han var fødd i Naustdal og gjekk på Sunnfjord ungdomsskule 1906-1907 og 1907-1908, han tok diakoniutdanning og bibelskule i Kristiania og Stavanger. Han var knytt til Samemisjonen, der han vart første krinssekretær i Bergen krins. Furevik gav ut forteljingar om Fin […]

Gunnar Garfors

Gunnar Magne Garfors (fødd 29. mai 1975 i Hammerfest) er ein norsk journalist, mediaekspert, forfattar og globetrotter. Han har arbeidd med kringkasting og nye medium sidan 2001 og har halde relevante presentasjonar i over 20 land. Han fokuserer sterkt på kor viktig det er med kringkasting som distribusjonsform, i tillegg til internett. Han har vi […]

Anders Nilsen Haave

Anders Nilsen Haave (21. juli 1809–31. januar 1867) var ein norsk lekpredikant, fråhaldstalar, bonde og forfattar. Han var fødd i Naustdal. Haave vart gripen av Hauge-vekkinga og vart ein av dei fremste haugianarane i landet. Han reiste rundt i heile landet som forkynnar 1836-1849 og som fråhaldstalar for Den norsk forening mot brændevinsdrik 1855 […]