Terje Hellesen (fødd 17. mai 1973) er ein norsk forfattar, fødd i Flora, busett i Bergen. Han har gitt ut dikt, romanar og litteratur for barn.

Hellesen tok Cand. phil. i 2004, ved Universitetet i Bergen.

Han har samarbeida med andre kunstnarar, mellom anna om «Prosjekt Pripyat», som han realiserte i lag med kunstfotograf Børge Bjerk og pressefotograf Skjalg Ekeland. Dei tre utforska byen som vart evakuert etter Tsjernobylulukka og skapte eit foto- og poesiprosjekt som vart utstilt i Kiev og Lviv, innkjøpt av Tsjernobyl-museet og vist ved Kystmuseet i Florø og Bryggens Museum i Bergen.

Bibliografi

Bøker

  • 2005 – Noko av deg lever andre stader : dikt (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-6533-8
  • 2006 – Akselerare : roman (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-6917-1
  • 2008 – Kvalen Blå dansar salsa (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7159-4  [Illustrert av Anna Fiske]
  • 2008 – Soma : roman (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7240-9

I bøker – eit utval

  • 2007 – Godnattboka : nynorske forteljingar (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-107-8  [Av innhaldet: Båten med den rolege senga / Terje Hellesen, s. 130-141]
  • 2009 – Eventyrboka (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-138-2  [Av innhaldet: Den store løyndomen om korleis ein jaktar gnu / Terje Hellesen, s. 44-57]
  • 2011 – Trøysteboka (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-166-5  [Av innhaldet: Vinden som stryk over fjorden / Terje Hellesen, s. 184-193]
  • 2013 – Monsterboka : nynorske forteljingar (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-191-7  [Av innhaldet: Dei mjuke hendene / Terje Hellesen, s. 192-201]
  • 2014 – Ete fysst : 18 forteljingar om Sunnfjord (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-086-2  [Av innhaldet: Haiku for ein by / Terje Hellesen, s. 192-201]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA