Sigurd Nesdal (27. mars 1915–12. november 2002) var ein norsk ingeniør, folkedansar og forfattar. Han var frå Innvik i Stryn kommune, men han var busett i Oslo. Nesdal var aktiv i den frilynde ungdomsrørsla, mellom anna som folkedansar. Som forfattar skreiv han Lodalen – fager og fårleg (Norsk Folkeminnelag 1983), m.a. om dei to store raskatastrofane i Lodalen 1905 og 1936.

Nesdal har og skrive fleire bøker med humoristisk innhald.

Han vart landskjend som humorist gjennom fjernsynsprogrammet «Har du lyst har du lov» i NRK på 1970-talet.

Bibliografi

Bøker

  • 1983 – Lodalen – fager og fårleg (Oslo: Norsk folkeminnelag) . ISBN 82-990948-0-1 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Medforfattar og redigering: Arild Nesdal]
  • 1987 – Vers ( Sigurd Nesdal)
  • 1991 – Vers. II (Oslo: Sigurd Nesdal)
  • 1996 – Vers i samling (Oslo: S. Nesdal) . ISBN 82-990948-4-4  [Inneheld Vers I og Vers II i tillegg til nye vers]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA