Per  Sivle
string(13) "Per_Sivle.jpg" string(9) "Per_Sivle"

Per Sivle

Fødd: 6. april 1857 Flåm

Død: 6. september 1904 Christiania

Yrke: Forfattar, redaktør og journalist

Debut: En digters drøm. Tidsaanden tilegnet, 1878

Minnestein ved Stalheimskleiva, reist 1909 med innskripsjonen «Og det er det stora og det er det glupa at merket det stend um mannen han stupa».
Foto: Frode Inge Helland

Dei første barneåra hadde Per Sivle på Stalheim. Sidan voks han opp på nabogarden Berge

Per Sivle (6. april 1857–6. september 1904) var ein norsk diktar, redaktør og journalist. Mest kjend er han for «Den fyrste song», som vart publisert første gong i 1877,[1] sogedikt som «Tord Foleson» (1885) og barneforteljinga «Berre ein hund» (1887).[2]

Oppvekst

«Dan fyrste songen, eg høyra fekk
var mor sin song atmed vogga;
dei mjuke vék til hjarta gjekk,
dei kunde gråten min stogga»

Opninga av «Dan fyrste songen» slik han stod trykt i Fedraheimen 24.11.1877
[3]

Per Sivle vart fødd i Flåm i Aurland i Sogn og Fjordane fylke.[4] Mora, Susanna Andersdtr Ryum, var tenestjente, og faren Erik Hansson Sivle var omreisande heste- og fehandlar.[5] Dei busette seg som innerstar på Stalheim i Voss. Mora døydde på barnseng då Per var to og eit halvt år gammal,[6] og Per voks opp hjå i fosterheim hos slektningar på nabogarden Brekke.[7] Per heldt kontakten med faren, og kunne følgje med når faren var ute på handelsferder.[8]

Per Sivle gjekk Sogndal folkehøgskule to vintrar (1874-75) og tok mellomskuleeksamen i Kristiania 1876 før han begynte i gymnasklasse på Aars og Voss» skule i Oslo. Etter ein nervesjukdom, som han kom til å bli plaga med resten av livet, måtte han avbryte utdanninga det siste gymnasåret.[9]

Han gifta seg 1. august 1887 med Wenche von der Lippe Nilsen frå Bergen. Dei fekk dottera Susanna i 1888.[10]

Forfattarskap[11]

«Jau,
eg heiter Per Sivle; og eg hev Hug til aa skriva, og naar eg inkje hev anna aa skriva um, sa lyg eg, naar eg segjer sant»

Opningslinene i Sivle-Stubbar (1895)

Den første boka hans var En Digters Drøm (1878), utgjeven under psevdonymet Simon de Vita. Året etter gav han ut diktsamlinga Digte. Desse bøkene er prega av pietistisk forkynning.

«Visst var Sivle nasjonalist, men ingen nasjonalromantikar. Målet var sjølvstende og sant folkestyre – dei fleste diktarane våre drog i hop i desse sakene. Dei forstod òg kva urett arbeidarar og småfolk leid, og hadde skildra dei elendige kåri dei levde i, eg tenkjer serleg på skildringar av Kielland, Lie, Garborg og Amalie Skram, men ingen av dei stelte seg so solidarisk med arbeidarane som Sivle. Han skyna at dei kunde ikkje venta nåde og hjelp frå makthavarane, dei laut slå seg saman og kjempa for sine krav. Eg veit ikkje kor grundig kjennskap han hadde til sosialistisk ideologi; at han kjende hovudtankane, er lett å sjå; elles var tilstanden slik i underklassen at folk med litt rettferdssans laut sjå uretten. Alt dette kjem tydeleg fram i Streik, romanen han skreiv um sagbruksarbeidarane i ein austlandsby.» -Olav H. Hauge (1973))[12]

Sjukdom og tvil leidde Per Sivle ut i ei religiøs krise. Men snart engasjerte han seg ut i politikken som redaktør for to Venstre-aviser. Han redigerte Buskeruds Amtstidende i 1883-84. Etter tre år i Danmark var han så redaktør for Kristianiaposten (1887-91). Sidan forsøkte han å livnære seg som diktar.

Boka Sogor, som kom i 1887, inneheld barne- og dyreskildringar med både logn humor og djupe kjensler. Sidan følgde Blandet Selskab (1891), Streik (1891) som vart omsett til svensk (1892) og tysk (1915), og Folk og Fæ (1898).

Sivle synte seg som ein meisterleg humorist og folkelivsskildrar i dei folkelege bøkene Vossa-Stubba (1887), Nye Vossa-Stubbar (1894) og Sivle-Stubbar (1895). Desse stubbane er fortalde på vossamål.

Dei mest verdsette diktsamlingane hans er Noreg (1894), Bersøglis- og andre Viser (1895), Skaldemaal (1896), En Fyrstikke og andre Viser (1897) og Olavskvæde (1901). I den nasjonale reisinga nordmennene opplevde før unionsoppløysinga i 1905, vart Per Sivle med sine verk blant oppsongarane. I dikt med emne henta frå den norske soga gjorde han fortida til inspirasjon i unionsstriden. Desse dikta vart henta fram att under okkupasjonen 1940-45.

Dei personlega dikta hans svinga mellom undergangsstemningar og aktiv livstru. Dikta er skrivne med fast, hoggande rytme. Per Sivle skreiv både riksmål og landsmål, og det skal vere innanfor landsmålsdiktinga ein kan finne det mest verdfulle.[13]

Slutten

«Det eingong fall Noreg den Tanke inn:
Aa gjera Æra paa Smaa-Skalden sin.
Og Noregs Samvit Stortinget sjøl,
gav tusund Krunor til Mat og Øl.»

Frå Per Sivles siste dikt: «Eit ord» (Ja, no skal Noreg

ha Takk fyr meg)
[14]

Per Sivle fekk statens diktarstipend fem gonger i 1890-åra etter løyving frå Stortinget. Han mista stipendet i 1904. Han var sjuk og vart særs nedbroten etter avgjerda. Ei tid før han døydde, synte han venen Anders Hovden manuskriptet til songen «Ja, no skal Noreg ha takk fyr meg».[15] 6. september 1904 forlet han leiglegheita si med ei helsing liggande i nattbordsskuffa: «Jeg vilde ei leve, men turde ei dø – og levede livet som før. Nu vil eg ei dø, men tør ikke leve – og – dør.»[16] 1904. Han tok ein revolver med seg på Christiania bad i Vika, og enda livet sitt der.[17] Han ligg gravlagd på Strømsgodset kyrkjegard i Drammen, der soknestyret har gjort vedtak om å kosta tilsynet med og vedlikehaldet av gravstaden.[18]

«Og so skal daa Noreg ha Takk fyr meg.
Og so fær daa kvar ein syta fyr seg.
– Men eg vil Noreg so indarleg vel,
at hugheilt so gav eg det Hjarta og Sjæl.»

Siste verset i «Eit ord» (1904) (Ja, no skal Noreg ha Takk fyr meg)
[19]

Redaktørarbeid

  • 1883–85: Buskeruds Amtstidende
  • 1887–91: Kristianiaposten

Verkliste

Romanar

  • 1891 Streik : Arbeiderroman [20]

Forteljingar

  • 1887 Sogor : ein bundel [21]
  • 1887: Gut : Led af et Hverdagsliv (riksmålsutgåve av Sogor)[22]
  • 1887 – Vossa-stubba (Kristiania: Alb. Cammermeyer) ved bokhylla.no
  • 1891 Blandet Selskab (Digt og forteljingar) [23]
  • 1894 Nye Vossa-stubbar[24]
  • 1895 Sivle-stubbar [25]
  • 1898 Folk og Fæ [26]

Dikt og diktsamlingar

  • 1878 Simon de Vita [pseudonym]: En Digters Drøm. Tidsaanden tilegnet. (episke dikt)
  • 1879 Digte
  • 1894 Noreg : nationale digte [27]
  • 1895 Bersøglis- og andre Viser [28]
  • 1896 “Skaldemaal” [29]
  • 1897 En Fyrstikke og andre Viser [30]
  • 1901 “Olavskvæde”

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

  1. Terje Aarset (2009): Den nynorske songskatten
  2. Bokselskap.no
  3. Terje Aarset: Den nynorske songskatten
  4. Sogn og Fjordane fylke, Aurland, Ministerialbok nr. A 8 (1853-1879), Fødte og døpte 1857, side 17 nr. 23 Døyenamnet er skrive Peder, faren er skriven med namnet Erik Hansen Sævli
  5. Voss, Ministerialbok nr. A 19 (1851-1886), Ekteviede 1857, side 25 nr. 44 – Vi ser at foreldra til Per gifta seg eit halvt års tid etter at han vart fødd.
  6. Hordaland fylke, Voss, Ministerialbok nr. A 20 (1855-1886), Døde og begravede 1860, side 26, nr. 7 (død 19.10.1859)
  7. SSB-utstilling; Folketeljinga 1865
  8. Anders Hoveden: Per Sivle : ei livssoge
  9. Bjarte Birkeland (1960) i Norsk Allkunnebok
  10. [Terje Aarset (2009): Den nynorske songskatten]
  11. Bjarte Birkeland (1960) i Norsk Allkunnebok
  12. Hauge, Olav H.: Nokre ord um Sivle. Sivle-seminaret på Voss, 26.-28. oktober 1973. Gjengitt i Dag og Tid, 7. april 2017
  13. Kristian Elster (1934) i Illustrrert norsk litteraturhistorie b. V s. 88
  14. «Sju Sivlesongar»
  15. [Anders Hovden: Per Sivle : ei livssoge]
  16. Erling Vindheim (1934) NOKRE MINNINGAR UM PER SIVLE
  17. Buskerud fylke, Strømsgodset, Ministerialbok nr. 1 (1885-1909), Døde og begravede 1904, side 266 nr. 8
  18. Erling Vindheim (1934) NOKRE MINNINGAR UM PER SIVLE
  19. «Sju Sivlesongar»
  20. Streik (NB digital)
  21. Sogor : ein Bundel (NB digital) (3. opplag 1905, landsmålsutgåve)
  22. Gut : Led af et Hverdagsliv (NB digital) (2. opplag 1897, riksmålsutgåve)
  23. Blandet selskab (NB Digital)
  24. Faksimile i Bibsys
  25. Faksimile i Bibsys
  26. Folk og Fæ (NB digital)
  27. Noreg : nationale dige (NB digital)
  28. Berøglis (NB digital)
  29. Skaldemaal (NB Digital)
  30. En Fyrstikke og andre Viser (NB digital)

Bakgrunnsstoff

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Per Sivle

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA