Aurland

Asbjørn Aarseth

Asbjørn Kristen Aarseth (fødd 21. oktober 1935 på Inderøy, død 31. august 2009) var professor emeritus i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen. Biografi Asbjørn Aarseth var presteson og voks opp dels på Inderøy, dels på Fjelberg i Sunnhordland samt Aurland i Sogn og Fjordane. Etter artium frå Firda gymnas i Sandane, tok han til å stud […]

Absalon Pederssøn Beyer

Absalon Pederssøn Beyer, også kalla magister Absalon (1528–9. april 1575) var ein norsk prest, historikar, forfattar og lærar. Han var ein sentral norsk humanist som bidrog sterkt til den andelege reformasjonen i Noreg. Beyer var født i Aurland i Sogn. Han vart foreldrelaus då han var seks år og vart send til onkelen i Bergen. Der gjekk han på l […]

Kai Martin Brekke

Kai Martin Brekke (f. 1958) er ein norsk forfattar og journalist. Han er fødd i Flåm i Aurland kommune og busett i Leikanger. Brekke debuterte som forfattar i 2006 med kriminalromanen Nattergal. Handlinga tek utgangspunkt i eit mord på Flåmsbana. I 2008 kom oppfølgjaren Dødeleg arv med handling hovudsakleg i Nærøyfjorden, og i 2011 kom Kald finale […]

Mons Klingenberg Gjerløw

Mons Klingenberg Gjerløw (1850–1936) var ein norsk redaktør og forfattar. Mons Gjerløw var frå Aurland og seinare busett i Oslo og Skien. Gjerløw arbeidde som journalist og redaktør i Oslo, og frå 1884 var han redaktør for avisa Fremskridt i Skien. Han har mellom anna gjeve ut romanane I Forbigaaende (1880), Ilgods (1883), Fra Skridt til Gallop […]

Ragnhild Hilstad

Ragnhild Hilstad (fødd 1925) er ein norsk lyrikar. Ho er frå Aurland kommune i Sogn og Fjordane.

Botolv Hov

Botolv Hov (fødd 1922) er ein norsk industrigründer og Arbeidarparti-politikar. Han er fødd i Fresvik i Vik kommune (tidlegare Leikanger kommune), og store delar av året busett på Styvi i Nærøyfjorden i Aurland kommune. Hov var medskipar av Fresvik Bærlag i 1956, og bygde privat fryseri for bær i 1957. Han starta Fresvik Produkt AS i 1980 for å p […]

Svein Indrelid

Svein Oddvar Indrelid (fødd 24. desember 1943) er ein norsk arkeolog fødd i Aurland. Han har magistergrad i nordisk arkeologi frå 1971, vart dr.philos. i 1986, og tilsett som professor i arkeologi ved Universitetet i Bergen og ved Bergen Museum. Han tok del i Hardangerviddaprosjektet for tverrvitenskapelig kulturforskning med arkeologiske utgrav […]

Caroline Juul Jørstad

Caroline Juul Jørstad (22. september 1892–5. februar 1962) var ein norsk lærar og lyrikar fødd i Aurland. Ho var dotter til ein prest og tok eksamen ved Hamar lærarskole i 1914, og var lærar i Oslo frå 1915-1958, lengst ved Østensjø skole. Ho gav ut «Vilje de lya», dikt (1935) og «Tireli Tare», barnevers (1939).

An-Magritt Lindtner

An-Magritt Lindtner (fødd 1974) er ein norsk sjukepleiar. Ho er oppvaksen i Bergen og busett i Aurland. Der har ho og mannen sett i gang eit stort rehabiliteringsprosjekt av dei gamle gardsbygningane som dei seinare ynskjer å bruke til kulturelle aktivitetar, som formidling av gamle folkeeventyr, konsertar og litteraturkveldar. Lindtner er utdanna […]

Anders Ohnstad

Anders Ohnstad (27. juni 1911–4. mai 2007) var ein norsk historikar og forfattar. Han har hovudsakleg gitt ut bøker om lokalhistorie og slektsforsking i indre Sogn. Han vaks opp på Ohnstad i Aurland. Ohnstad var lektor og historikar og er utdanna cand. mag. ved Universitetet i Oslo i 1945. Han leverte hovudfagsoppgåve i 1943, og ho vart publisert […]