Katrine  Sele
string(16) "Katrine_Sele.jpg" string(12) "Katrine_Sele"

Katrine Sele

Fødd: 1972 København

Katrine Sele (fødd 1972) er ein norsk journalist og forfattar. Ho er fødd i København, vaks mellom anna opp i Skottland, Zimbabwe, Bærum og Singapore, og er busett på Vassenden i Jølster kommune.

Sele har vore tilsett i avisa Firda i Førde sidan 1998, der ho i hovudsak arbeidde som kulturjournalist og -kritikar.

Ho har gjeve ut artikkelsamlinga Månen er så liten som ein katt (2000), Tvisynt tvilar – eit Oddvar Torsheim-portrett (2001) og Herifrå (2006), eit samtidsdokument om Sogn og Fjordane og Kenneth – historia om Kenneth Sivertsen (2013).

Sele er tildelt presseprisen til Sogn og Fjordane journalistlag i 2000 og 2005, Sivleprisen (Sivlelaget) i 2008 for framifrå nynorsk, og Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2012.

I 2013 vart ho tilsett som kommunikasjonsrådgjevar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Bibliografi

Bøker

  • 199? – Zuid en noord <utstillingskatalog> = Nord og sør (Dordrecht)  [Tekst av Katrine Sele]
  • 2001 – Tvisynt tvilar : eit portrett av Oddvar Torsheim (Leikanger: Skald) . ISBN 82-7959-025-0  [Foto: Oddleiv Apneseth]
  • 2006 – Herifrå (Førde: Selja) . ISBN 82-91722-69-2  [Oddleiv Apneset [foto]]
  • 2013 – Kenneth : historia om Kenneth Sivertsen (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-8318-4
  • 2017 – Jølster hotell : historier frå eit asylmottak (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-9240-7

I bøker – eit utval

  • 2007 – Godnattboka : nynorske forteljingar (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-521-7151-8  [Av innhaldet: Rosa prinsesse bestemmer alt / Katrine Sele]
  • 2007 – Eventyrboka (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-138-2  [Av innhaldet: Kokken frå Calabria / Katrine Sele]
  • 2011 – Trøysteboka (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-166-5  [Av innhaldet: Rita for alltid / Katrine Sele, s. 162-173]
  • 2013 – Det fleirspråklege Noreg (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-190-0  [Av innhaldet: Kose med deg på Sande / Katrine Sele, s. 58-69]
  • 2014 – Ete fysst : 18 forteljingar om Sunnfjord (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-086-2  [Av innhaldet: Eg var der, men du var ein annan plass / Katrine Sele]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA