Kai Martin Brekke (f. 1958) er ein norsk forfattar og journalist. Han er fødd i Flåm i Aurland kommune og busett i Leikanger.

Brekke debuterte som forfattar i 2006 med kriminalromanen Nattergal. Handlinga tek utgangspunkt i eit mord på Flåmsbana. I 2008 kom oppfølgjaren Dødeleg arv med handling hovudsakleg i Nærøyfjorden, og i 2011 kom Kald finale.

Bibliografi

  • 2006 – Nattergal – kriminalroman (Leikanger: Skald)
  • 2008 – Dødeleg arv – kriminalroman (Leikanger: Skald)
  • 2011 – Kald finale – kriminalroman (Leikanger: Skald)

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA