Johannes Aursland

Fødd: 1899

Død: 1975

Johannes Helgesson Aursland (fødd 11. august 1899 i Skjold, død 26. mars 1975) var lektor og forfattar.

Aursland var son til ein gardbrukar i dåverande Skjold herad i Nord-Rogaland.[1] Han tok lærareksamen i 1922 og cand. philol. i 1935. Aursland var lærar på Borre framhaldsskule 1922-1924, Time framhaldsskule 1924-1925 og Skjold folkeskule 1925-1936. Aursland var lektor på Firda gymnas frå 1936-1970.

Han er gravlagd på Vår Frelser kyrkjegard i Haugesund.[2]

Bibliografi

Bøker

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA