Gaute  Losnegård
string(20) "Gaute_Losnegård.jpg" string(16) "Gaute_Losnegård"

Gaute Losnegård

Fødd: 12. april 1970 (46 år)

Yrke: Historikar, forfattar

Sjanger: Bygdebøker, bøker om historiske emne

Debut: «»Fyr det gode og væne i livet» : Holmedal Ungdomslag 1896 -1996 «, 1996

Gaute Losnegård (fødd 12. april 1970) er ein norsk historikar og faglitterær forfattar. Han er fødd i Bergen, og busett i Holmedal i Askvoll kommune.

Han debuterte i 1996 med ungdomslagsboka Fyr det gode og væne i livet. Seinare har han skrive fleire lokalhistoriske og kulturhistoriske bøker, som for eksempel Død og pine (som handlar om Hetle-saka), Dalsfjord-boka: frå Gaularfjorden til Bulandet (saman med Henning Rivedal og Rolf Losnegård), Ingolfr – norsk-islandsk hopehav 870–1536, Riddarane av Losna, Peter Andreas Blix – i strid for vern og vekst og ei bygdebok for Jondal kommune i tre bind. I 2008 kom boka Norsk rutebilhistorie ut på Skald forlag. I 2012 gav han ut første bindet i historieverket om Flora, «Historia om Flora. Før byen kom – tida fram til 1860» (Selja Forlag). I 2013 gav han ut «Norske ulukker og katastrofar» (Skald forlag).

Gaute Losnegård er son til Rolf Losnegård.

Bibliografi

Bøker

  • 1996 – «Fyr det gode og væne i livet» : Holmedal Ungdomslag 1896-1996 (Holmedal: Alden) . ISBN 82-993951-0-0 Tilgjengeleg på bokhylla.no
  • 1999 – 60 år under lupen : Forskerforeningen ved Universitetet i Bergen (Bergen: Forskerforbundet ved Universitetet i Bergen) . ISBN 8299522102 Tilgjengeleg på bokhylla.no  [Av Gaute Losnegård og Paal Nupen]
  • 1999 – Dalsfjordboka : frå Gaularfjellet til Bulandet (Leikanger: Skald) . ISBN 82-7959-007-2 Tilgjengeleg på bokhylla.no  [Av Gaute Losnegård, Rolf Losnegård, Henning Rivedal]
  • 1999 – Ordet er fritt! : Studentersamfunnet i Bergen 1934-1999 (Bergen: Studentsamskipnaden i Bergen en) . ISBN 82-995495-0-7 Tilgjengeleg på bokhylla.no  [Av Gaute Losnegård og Paal Nupen]
  • 2001 – Peter Andreas Blix : i strid for vern og vekst (Førde/Leikanger: Selja/Skald) . ISBN 82-7959-021-8  [Gaute Losnegård og Rolf Losnegård]
  • 2003 – Jondal kommune : gards- og slektssoge . Bind 1 (Jondal: Jondal kommune) . ISBN 82-996722-2-8
  • 2003 – Jondal kommune : gards- og slektssoge . Bind 2 (Jondal: Jondal kommune) . ISBN 82-996722-3-6
  • 2003 – Riddarane av Losna (Førde: Selja) . ISBN 82-91722-32-3
  • 2005 – Ingolfr : norsk-islandsk hopehav 870-1536 (Førde: Selja) . ISBN 82-91722-50-1  [Av: Jón Viðar Sigurðsson, Berit Gjerland, Gaute Losnegård]
  • 2006 – Død og pine : justismordet Hetlesaka (Førde: Selja) . ISBN 82-91722-63-3
  • 2006 – Jondal kommune . Bind 3 : allmennsoge . Frå øksehogg til tastetrykk (Jondal: Jondal kommune) . ISBN 82-996722-4-4
  • 2008 – Norsk rutebilhistorie (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-125-2
  • 2009 – Havfolk og fjordfolk : allmennsoge for Askvoll. Bind 1 (Askvoll: Askvoll kommune) . ISBN 978-82-93016-00-7
  • 2011 – Havfolk og fjordfolk : allmennsoge for Askvoll. Bind 2 (Askvoll: Askvoll kommune) . ISBN 978-82-93016-01-4
  • 2012 – Historia om Flora : før byen kom : tida fram til 1860 (Førde: Selja forlag) . ISBN 978-8282-400-58-9  [Band 1]
  • 2013 – Norske ulykker og katastrofar (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-196-2
  • 2016 – Stend : kultursentrum gjennom to tusenår (Leikanger: Skald) . ISBN 9788279592488  [Yngve Nedrebø, medforfattar]
  • 2016 – Historia om Flora : bymann og fiskarbonde (Førde: Selja forlag) . ISBN 9788282401043  [Band to]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA