Askvoll

Hans Arentz

Hans Arentz (27. august 1731–12. april 1793) var ein norsk jurist og forfattar av Beskrivelse over Söndfjord, i det Nordre Bergenhusiske Amt, fødd i sunnfjordkommunen Askvoll i Sogn og Fjordane fylke. Barndom Som dei aller fleste embetsmenn på den tida kom Arentz sjølv frå embetsmannsslekt. Far hans var Friedrich Arentz (1699–1779), sokneprest […]

Bernt Madssen Askevold

Bernt Madssen Askevold (1846–1926) var ein norsk prest, lærar og forfattar frå Askvoll kommune i Sunnfjord. Han var aktiv i Askevold Børneskole, oppretta Laksevåg Avis og gav ut fleire forteljingar. Askevold utvandra til USA rundt 1870, men returnerte til Askvoll i 1922.

Mathias Askevold

Mathias Askevold (1854–1919) var ein «bladmann og litterat» frå Askvoll kommune i Sunnfjord. Askevold gav ut fleire dikt i aviser og tidsskrift. Dikta er blitt skildra som «vakre».

Ole Mathiasson Bakke

Ole Mathiasson Bakke (1816–1895) var frå Bakke i Holmedal i Askvoll kommune. Han var bonde, lærar, ordførar i Ytre Holmedal 1860-1864 og 1876-1879, andre varamann på Stortinget 1877-1879 og skribent.

Ola A. Bergset

Ola A. Bergset (13. juni 1891–10. april 1977) var ein norsk lærar. Han var frå Fjelli i Stryn kommune. Bergset tok eksamen ved Volda Lærarskule i 1912. Etter å ha hatt fleire vikariat, kom han kom til Stongfjorden i Askvoll kommune i 1913, der han vart i 50 år. Bergset var m.a. formann i Askvoll lærarlag, Stongfjorden Sanitetslag, Stongfjorden Ind […]

Hilde Buer

Hilde Buer (fødd 1958) er ein norsk sivilagronom, bonde og forfattar. Ho er fødd i Bergen og vaks opp i Os. Buer har m.a. jobba som marknadssjef i Stormøllen og som fylkesjordsjef i Hordaland. I 1999 flytta ho til øya Grøneng i Flora kommune og starta med villsaudrift, og i 2014 flytta Buer til Værlandet i Askvoll kommune. I 2011 gav Buer ut «Vill […]

Andreas Engebø

Andreas Engebø (fødd 1937) er ein norsk lærar og forfattar. Engebø vart fødd på Kvellestad i Vevring i Naustdal og busette seg seinare i Holmedal i Askvoll. Han har eksamen frå Befalskolen for Infanteriet i 1955, artium frå Voss landsgymnas i 1958 og eksamen frå Stord lærarskule i 1965. Engebø har vore lærar fleire stader, og frå 1969 ved Holmedal […]

Paul Gerhard Fismen

Paul Gerhard Fismen (1875–1963) var ingeniør og forfattar. Han var fødd i Askvoll, på garden Fristad. Fismen tok artium ved Hambros skole og ingeniørutdanning i Tyskland. Han arbeidde ei tid i Bergen før han flytta heim til Askvoll.

Mathias Mortenson Flokenæs

Mathias Mortenson Flokenæs (1773–1830) var lærar og forkynnar. Han var fødd i Vassbotnen i Vevring i Naustdal kommune. Han vart seinare buande i Flokenes, I 1802 slutta han seg til haugevenene. Flokenæs var lærar i Førde prestegjeld fram til 1820.

Mads Flokenes

Mads Flokenes (7. februar 1895–20. mars 1981) var ein norsk lærar og ordførar. Han var fødd i Vevring i Naustdal kommune. Då faren døydde, flytta mora og borna til Askvoll kommune. Flokenes gjekk på folkehøgskule og lærarskule, og han var lærar fleire stader, m.a. i Vevring. Han var mykje med i kommunale styre og var ordførar i Askvoll 1956-1963. […]