Bolette  C.  Pavels  Larsen
string(18) "Bolette_Larsen.jpg" string(14) "Bolette_Larsen"

Bolette C. Pavels Larsen

Fødd: 18.oktober 1847 Sogndal

Død: 8.desember 1904 Bergen

Yrke: Forfattar, omsetjar og litteraturkritikar

Sjanger: Dikt, noveller, forteljingar

Debut: Sognablo´, 1891 . Forteljing

«Velsignelse», Bolette C. Pavels Larsen. Ingrid Anne Yttri les. 1997. Opphavsrett: Sogndal bibliotek og Ingrid Anne Yttri.

«Sognablo´», Bolette C. Pavels Larsen. Ingrid Anne Yttri les. 1997. Opphavsrett: Sogndal bibliotek og Ingrid Anne Yttri.

«Sogningen og fantafølje», Bolette C. Pavels Larsen. Ingrid Anne Yttri les. 1997. Opphavsrett: Sogndal bibliotek og Ingrid Anne Yttri.

«Hundreaaorsnotti», Bolette C. Pavels Larsen. Ingrid Anne Yttri les. 1997. Opphavsrett: Sogndal bibliotek og Ingrid Anne Yttri.

«Snobberi», Bolette C. Pavels Larsen. Ingrid Anne Yttri les. 1997. Opphavsrett: Sogndal bibliotek og Ingrid Anne Yttri.

Bolette : Sognablo´og andre forteljingar. 1997. Ingrid Anne Yttri les. Opphavsrett: Sogndal bibliotek og Ingrid Anne Yttri.

Bolette Christine Pavels Larsen (18. oktober 1847–8. desember 1904) var ein norsk forfattar, omsetjar og litteraturkritikar i Bergens Tidende som var ein sentral aktør i det litterære feltet frå 1880-åra til over hundreårsskiftet. Bolette Christine Pavels Larsen var den første forfattaren med utgjevingar på sogne-dialekt og soleis på landsmål i Sogn og Fjordane, men gav også ut bøker på riksmål. Ho vart født inn i ein embetsmannsfamilie i Sogndal, men var i dei fleste åra av sitt liv busett i Bergen.

Utgjevingar

Bolette C. Pavels Larsen omsette i 1888 tekstar frå skånsk til sogne-dialekt og fekk dei publisert. I 1897 gav ho ut forteljingar på sognemål. Forteljingane kom same året ut på dansk-norsk, og fem år seinare vart andre tekstar av ho gjevne ut på riksmål. Arne Garborg rosa forteljingane hennar som var skrivne på sognamål, og som kom ut i serien Små-stubbar, publisert av naustedølen Mons Litleré i 1886. Ifølgje Sigrid Bø Grønstøl skriv Bolette C. Pavels Larsen «med lett humor og mild ironi […]; ho snur på samfunnshierarkiet», står det i band tre av Vestlandets historie.[1]

Formidlar

I Bergens Tidende fungerte Bolette C. Pavels Larsen som hovudkritikar frå 1884, og melde bøker frå heile Norden – med eit ekstra vake auge på dei frå Sverige. Ho var også svært interessert i litteratur på nynorsk, og fungerte som formidlar av bøker på landsmål av ukjente forfattarar. Bolette C. Pavels Larsen var ein støttespelar for Mons Litleré når det gjaldt drifta av nynorskforlaget han eigde. Bolette C. Pavels Larsen var medlem av Vestmannalaget, ein landsdekkande landsmålorganisasjon med base i Bergen.

Kontakt med kjente forfattarar

Bolette C. Pavels Larsen hadde eit finmaska kontaktnett til andre forfattarar og litteraturkritikarar: Arne Garborg og Hulda Garborg, Knut Hamsun, Hans E. Kinck, Verner von Heidenstam frå Sverige, Hans Seland, Jens Tvedt og dei danske brørne Edvard Brandes og Georg Brandes. Ho var i kontakt via brev med August Strindberg, verdskjend svensk dramatikar og forfattar, og fekk løyve til å omsetje og trykkje eit skodespel av han som føljetong i Bergens Tidende i mars 1883.[2]

Første husmorskulen

I 1874 vart Bolette C. Pavels Larsen gift med Ole Johan Larsen (1845-1928) i Gloppen. Dei fekk ingen born. Heimgarden til Bolette C. Pavels Larsen i Kroken i Luster kommune vart til den første husmorskulen i dåverande Nordre Bergenhus amt etter sal i 1884. Det er reist ein minnestein over Bolette C. Pavels Larsen i Fjærland i Sogndal kommune. Ole Johan Larsen donerte bøker til Bergen Museum frå samlinga deira.

Kunstnarleg slekt

Gjennom mora var Bolette C. Pavels Larsen i slekt med målar Gerhard Munthe (1849-1929) og lærar og forfattar Margrethe Munthe (1860-1931). Bolette C. Pavels Larsen døydde i Bergen.

Bibliografi

Bøker

Lydbøker

  • 1997 – Bolette : Sognablo´ og andre forteljingar (Sogndal: Sogndal bibliotek)  [Forteljingane vert lesne av Ingrid Anne Yttri. Kassett]

I bøker – eit utval

  • 1891 – Smaastubbar : sjuande samlinga Red. Mons Litleré (Bergen: Mons Litleré) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Inneheld: Sognablo» / Bolette C. Pavels Larsen, s. 5-19]
  • 1980 – Kvinner i nynorsk prosa Red. Inger Lise Breivik, Kari Bråtveit, Anne-Marie Midtbø, Aslaug Nyrnes, Idar Stegane og Helga Thorsen (Oslo: Samlaget) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Inneheld: Velsignelse / Bolette C. Pavels Larsen, s. 31-39]

I tidsskrift – eit uval

  • 1892 – «[Tittel ukjent]» – Tyrihans
  • 1894 – «En Dissonants» – Juleaften
  • 1894?, 1895? – «Da skal bli krig no» – Syn og Segn
  • 1896 – «Brorsfolk» – Syn og Segn, s. 283-284
  • 1902 – «Gamle Lasse» – Syn og Segn, s. 260-263
  • 1902 – «[Tittel ukjent]» – Samtiden
  • 1996 – «Sognablo´» – Årbok for Sogn, nr. 42, s. 88-96
  • 2008 – «Husmandsbørnene» – Kjelda, nr. 3, s. 29-30

Omsetjingar

  • Verner von Heidenstam, Oscar Levertin (1890) Pepitas bryllup : en litteraturanmeldelse – Beyer, Bergen.

Kjelder

  1. Grønstøl, 2006, s. 214
  2. Stegane, februar 2009 og oktober 2009

  • Anton Aure (Mars 2013). Bolette C. Pavels Larsen. Kvinnor i den nynorske bokheimen. Stutte livsskildringar (1916). Nynorsk kultursentrum. Vitja 01.08.2014.
  • Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik (1978) Tidsskrift. Dikting og diktarar frå Sogn. – Historielaget i Sogn, Førde [Nr. 26].
  • Aud Gjersdal (2013) «Velkommen, Deres Majestet, til mitt rike!» – Bibliotekforum, nr. 1, s. 34-36.
  • Sigrid Bø Grønstøl (2006) «Vestlandslitteraturen» – i: Vestlandets historie. Kultur, bind 3 (red. Knut Helle, Ottar Grepstad, Arnvid Lillehammer, Anna Elisa Yttri), s. 196-241 – Vigmostad & Bjørke, Bergen.
  • Idar Stegane (1983) Mons Litlerés forlag : eit pionertiltak i nynorsk forlagsdrift – Samlaget, Oslo.
  • Idar Stegane (februar 2009). Bolette C. Pavels Larsen. Store norske leksikon. Vitja 01.08.2014.
  • Idar Stegane (oktober 2009). Bolette Christine Pavels Larsen. allkunne.no. Vitja 01.08 2014.

Bakgrunnsstoff

Tekstar om Bolette Christine Pavels Larsen

  • Andreas Bjørkum (2000) «Bolette C. Pavels Larsen og sognamålet» – i: Dialekter och folkminnen : Hyllningsskrift till Maj Reinhammar den 17 maj 2000 – Swedish Science Press, Uppsala.
  • Ole Johan Larsen (1906) «Bolette C. Pavels Larsen. In memoriam» – Urd.
  • Idar Stegane (1980) «Bolette C. Pavels Larsen (1847-1904)» – i: Kvinner i nynorsk prosa (red. Inger Lise Breivik, Kari Bråtveit, Anne-Marie Midtbø, Aslaug Nyrnes, Idar Stegane og Helga Thorsen), s. 31-33 – Samlaget, Oslo.
  • Idar Stegane (1997) Bolette Christine Pavels Larsen: Artiklar, kritikk, forteljingar og brev – Eide forlag, Bergen.

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA