Forfattarar frå Sogn og Fjordane er ein nettstad som stadig blir oppdatert. Mange forfattarar er alt lagde inn, men vi har fleire som står for tur til å bli registrerte. Er det nokon du saknar, kan du gjerne melde tilbake til Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, anten via kontaktskjemaet eller på e-post. Det same gjeld om […]
Ove Eides litterære kanon
Kva er den fremste litteraturen som har kome frå Sogn og Fjordane – gjennom tidene? Ove Eide har prøvd å svare på dette, og har utarbeidd ein skjønnlitterær kanon frå fylket vårt, ei liste over den litteraturen han meiner står seg best.
Over 500 forfattarar er registrerte
Talet på registrerte forfattarar med tilknyting til Sogn og Fjordane har no passert 500, om lag ¼ av desse er kvinner. Det er 200 forfattarar som har tilknyting til Sunnfjord, 162 har tilknyting til Nordfjord og 189 forfattarar har tilknyting til Sogn. Det vert stadig lagt fleire forfattarar til. Er det nokon du saknar, kan […]
Ove Eides forslag til litterær kanon
På lanseringsarrangementet for Forfattarar frå Sogn og Fjordane heldt Ove Eide eit foredrag der han snakka om den litterære fylkestoppen, og kom med forslag til ein litterær kanon for Sogn og Fjordane. Utvalet har han avgrensa til å gjelde dei som debuterte før 1990, men i foredraget trakk han også fram fleire av dagens forfattarar. […]
Lansering av Forfattarar frå Sogn og Fjordane 9. desember i Sogndal – med framlegg til litterær fylkeskanon
Sogn og Fjordane fylkesbibliotek lanserer no nettstaden Forfattarar frå Sogn og Fjordane. Det skjer på bokkafé på Sogndal bibliotek 9. desember 2016 klokka 11.00.