Amund Sigurd Mork (fødd 15. desember 1884 i Oppstryn, død 27. juli 1963 i Oppstryn)[1] var ein norsk lærar, ungdomslagsarbeidar og forfattar. Han er særleg kjend for «Nordfjord-songen» frå 1920, som begynner med «Fagre fjellheimen opnar seg». Med denne sangen vann han pris i ein sangkonkurranse i regi av Firda Ungdomslag.

Han var utdanna lærar frå Volda lærarskule og arbeidde ei kort tid i Bergen, mellom anna som vikar for Jakob Aaland, før han vende tilbake til heimbygda.

Mork gav ut diktsamlinga Vestanvind i 1931 og skodespelet Gull og grøne skogar som føljetong i Fjordabladet i 1924. I tillegg skreiv han sangar og prologar til ulike anledningar, mellom anna ein kantate til Oppstryn kyrkje sitt jubileum i 1938.[2]

Bibliografi

Bøker

  • 1924 – Gull og grøne skogar : spel i tvo vendingar (Nordfjordeid: Fjordabladets prenteverk)  [Føljetong i Fjordabladet]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

  1. Loen oppgir at han døydde i 1963; NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane oppgir 1964.
  2. Olav A. Loen. Bygda gav diktarsyn. Rune forlag, 1970 (ebok)

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA