Wilhelm Bødal
Fødd: 15. april 1922 Stryn
Død: 22. juli 1987 (65 år)
Yrke: lærar, forfattar
Wilhelm Bødal
Wilhelm Bødal (15. april 1922–22. juli 1987) var ein norsk lærar og forfattar frå Loen i Stryn kommune. Han tok artium ved Firda gymnas, gjekk på Stord lærarskule, Statens lærarskule i forming i Oslo og han tok vidareutdanning i historie, samfunnsfag, norsk og engelsk. Bødal var lærar i Stryn frå 1951, frå 1962 ved Stryn ungdomsskule. Han har gjeve ut fleire romar og forteljingar, både for vaksne og barn, og delvis med historisk tilsnitt, m.a. «I skyggen av Ramnefjell» i 1968. Han gav også ut to diktsamlingar.
Bibliografi
Bøker
- 1956 – Skatten i Gullkistelen (Oslo: Norsk Barneblad) I fulltekst ved nb.no
- 1963 – Finnur Vinlandsfarer (Melhus: Rune) I fulltekst ved nb.no
- 1968 – I skyggen av Ramnefjell : roman (Trondheim: Rune) I fulltekst ved nb.no
- 1969 – Ninotcha smiler ikke lenger : noveller (Trondheim: Rune) I fulltekst ved nb.no
- 1970 – Storeknut-Anders, vandreren : roman (Trondheim: Rune) I fulltekst ved nb.no
- 1971 – Gardesoldaten : roman (Trondheim: Rune) I fulltekst ved nb.no
- 1972 – Dødsrytteren : roman (Trondheim: Rune) I fulltekst ved nb.no
- 1975 – Heimlege kvad (Trondheim: Rune) I fulltekst ved nb.no
- 1977 – Vind og horisont (Trondheim: Rune)
I bøker – eit utval
- 1978 – Såg du mi bygd – : dikt frå fjell, bre og indre Nordfjord (Stryn: Fjordingen) [Inneheld dikt av Wilhelm Bødal]
- 1990 – Ord gjennom år : dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord 1700-1986 (Naustdal: Sogn og Fjordane forlag) . ISBN 82-90576-13-7 I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Wilhelm Bødal s. 99-106]
I tidsskrift – eit utval
Bakgrunnsstoff
Kjelder
- Wilhelm Bødal i Allkunne Arkivert 2018-09-10 ved Wayback Machine.
- Ord gjennom år : dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord 1700-1986 : med bibliografi : ein antologi ved Carl Lauritz-Iversen. Naustdal : Sogn og Fjordane forlag, 1990
Autoritetsdata |
---|