Barne- og ungdomslitteratur

Henrik Angell

Henrik August Angell (fødd 22. august 1861 i Luster, død 26. januar 1922) var ein norsk offiser, eventyrar, skipionér og forfattar. Militær karriere Angell vart offiser 1882, tenestegjorde ei tid i generalstaben og tok generalstabseksamen i 1898. Han vart major og bataljonssjef i infanteriet i 1910, og oberst og regimentsjef i 1911. Han var p […]

Johan Austbø

Johan Austbø (23. oktober 1879–23. desember 1945) var ein norsk forfattar fødd i Lavik i Høyanger. Han var også lærar, og arbeidde mellom anna i skuleverket i Leikanger i Sogn frå 1901 til 1906. Johan Austbø skreiv forteljingar, skodespel, dikt, bøker for barn og biografiar. Han bidrog også mykje i Nynorsk Vekeblad. Johan Austbø var svært aktiv […]

Kari Bakke

Kari Kristina Lenvik Bakke, fødd Frydenlund (21. oktober 1908–17. mai 1998), var ein forfattar og stenograf frå Lærdal i Sogn. Etter framhaldsskule gjekk Bakke på Sogndal folkehøgskule i eit år og på handelsskule i Bergen i eit halvt år. Deretter utdanna ho seg ved Statens kurs for stortingsstenografer i Oslo. Saman med to andre kvinner etablerte […]

Ane Barmen

Ane Barmen (fødd 1984) er ein norsk skodespelar og forfattar, opphaveleg frå Vågsøy kommune. Ho er utdanna musikkvitar og skodespelar og har også gått på Gyldendals skriveskule. Ane Barmen debuterte i 2019 med ungdomsromanen Draumar betyr ingenting, som ho fekk Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok for. Prisar og utmerkingar 1999: Bragepr […]

Solveig Blindheim Berge

Solveig Blindheim Berge, også kjend som Solveig Berge, (fødd 1935 på Vigra) er ein norsk forfattar. Ho debuterte i 1980 med barneboka Sommaren var best på Samlaget og har sidan skrive novellesamlinga Hus i natta og barneboka Hemmelege krusedullar. Sistnemnde gjekk også som opplesingsserie i Barnetimen for de minste. Berge har budd i Måløy, Førde […]

Vidar Bergset

Vidar Bergset (fødd 2. mai 1928 i Stryn) er ein norsk lærar og forfattar. Han har arbeidd i barneskule og ungdomsskule og har også vore lærar på Valdres folkehøgskole. I den tida var han også redaktør av tidsskriftet Kristen Folkehøgskole. Bergset har gjeve ut fleire bøker med forteljingar, barnebøker og dikt. Han var også medforfattar av Norge […]

Anne Bjørkedal

Anne Bjørkedal (fødd 17. juli 1963) er ein norsk forfattar og healar. Ho er fødd på Nordfjordeid i Eid kommune og er busett i Volda. Ho er utdanna lærar med nordisk og historie i fagkrinsen. Ho har òg vore journalist ved Høgskulen i Volda i perioden 1987-90. Ho debuterte i 1995 med Colliculi (lat.).

Ingrid Bjørkum

Ingrid Bjørkum (fødd 19. februar 1957 i Drøbak) er ein norsk forfattar. Ho vaks opp i Naddvik i Årdal, og er busett i Leikanger. Ho har eksamen i ressursøkonomi ved Norges Landbrukshøgskole 1980. Bjørkum har vore tilsett i Akerhus fylkeskommune, i planavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune, kontorsjef ved Fylkesarbeidskontoret i Sogn og Fjord […]

Anne Helene Borgund

Anne Helene Borgund (fødd 1966) er frå Eid kommune. Ho er utdanna ved Høgskulen i Volda. Borgund debuterte i 2012 med barneboka Tuva.