Sigri Sandberg

Sigri Sandberg

Fødd: 23. august 1975 (49 år)

Yrke: journalist, skribent

Sigri Sandberg

Sigri Sandberg (fødd 23. august 1975) er ein norsk journalist og forfattar, som særleg har skrive om polar-, friluftsliv og klima.

Sanberg har studert journalistikk ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Ho vaks opp i Bergen, og budde i Eivindvik i Gulen kommune frå ho var 9-18 år. Sandberg har budd åtte år på Svalbard og har vore friluftsspaltist i A-magasinet og i friluftsmagasinet UTE.
Ho har skrive fleire bøker saman med polfarer Cecilie Skog.[1]

Sigri Sandberg var eit av barna i tv- og bokserien frå 1980-talet om To hus tett i tett, skriven av Liv Sandberg.

Bibliografi

Bøker

  • 2006 – Cecilie Skog og de tre polene (Stavanger: Wigestrand) . ISBN 82-8140-059-5  [Forfattarar: Cecilie Skog og Sigri Sandberg Meløy]
  • 2006 – Kjærleikar : 14 møte (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-6828-0  [Av Sigrid Sandberg Meløy]
  • 2009 – Til Rolf : tusen fine turer og en trist (Oslo: Gyldendal) . ISBN 978-82-05-39154-3  [Redaktørar: Sigri Sandberg og Cecilie Skog]
  • 2009 – Ballongmamma (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7163-1  [Av Sigri Sandberg Meløy og Motorfinger]
  • 2011 – Antarktis : 71 dager, 1800 kilometer og én million tanker (Oslo: Gyldendal) . ISBN 978-82-05-41484-6  [Av Cecilie Skog og Sigri Sandberg Meløy]
  • 2011 – Klimaboka : på cruise dit verda smeltar (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7814-2  [Av Sigri Sandberg Meløy]
  • 2012 – Polarheltinner : Cecilie Skog, Liv Arnesen, Monica Kristensen, Christiane Ritter, Wanny Woldstad, Ellen Dorthea Nøis, Hanna Resvoll-Holmsen (Oslo: Gyldendal) . ISBN 978-82-05-41932-2  [Av Sigri Sandberg Meløy]
  • 2014 – Et friluftsliv (Oslo: Gyldendal) . ISBN 978-82-05-47343-0  [Av Cecilie Skog og Sigri Sandberg]
  • 2015 – God tur : håndbok i friluftsliv (Oslo: Kagge) . ISBN 978-82-489-1655-0
  • 2015 – Frykt og jubel i Jotunheimen : forteljingar om folk og fjell (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-223-5
  • 2015 – Vindtrollet (Stamsund: Orkana) . ISBN 978-82-8104-254-4
  • 2015 – Hva skjer med været? : ei bok om å stille klimaspørsmål (Oslo: Gyldendal undervisning) . ISBN 978-82-05-46416-2  [Serie: Saltos bokhylle]
  • 2017 – Treboka : fakta og fortellinger om norske trær (Oslo: Gyldendal) . ISBN 978-82-05-49855-6
  • 2019 – Mørke : stjerner, redsel og fem netter på Finse (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-9791-4
  • 2021 – Eg hadde ikkje orka Gud utan Jesus : seks samtalar og eit isbad med biskop Kari Veiteberg (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-340-0441-4
  • 2022 – Ro: om Sognefjorden og ein lang rotur heim (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-340-0783-5

I tidsskrift – eit utval

Referanser

  1. gyldendal.no Sigri Sandberg[daud lenkje]

Kjelder


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord