Odd Njøs

Fødd: 26. september 1931

Død: 12. august 2024 (92 år)

Yrke: musikar

Odd Njøs

Odd Njøs (26. september 1931–12. august 2024) var ein norsk kulturarbeidar frå Leikanger i Sogn.[1] Han arbeidde mange år i skulen, og var elles kjend som ein allsidig kulturarbeidar. I 2000 vart han heidra med Kongens fortenestmedalje i sylv for dette. Han var organist og kordirigent gjennom ei årrekkje og vore aktiv i revymiljøet til Leikanger Mannskor. Frå 1984 var han mykje nytta som fredagskåsør i lokalradioen. Han var ogso mykje brukt som kåsør og underhaldar i andre samanhengar. Dei siste åra var han òg aktiv som forfattar. På Skald forlag gav han ut dei humoristiske bøkene De’kje nøye om du lyge litt, …berre praten gaor og Sommarliv på Berget. Han gav òg ut CD der han fortalde historier frå dei to fyrstnemnde bøkene.

Utgjevingar

Bøker

  • 2000 – Sommarliv på Berget : 33 soger i utval (Leikanger: Skald). ISBN 82-7959-015-3 I fulltekst ved nb.no
  • 2004 – Segner frå Sogn (Leikanger: Skald). ISBN 82-7959-045-5 I fulltekst ved nb.no  [Innsamla av Olav Sande ; språkleg bearbeiding av Odd Njøs]
  • 2007 – Godnattboka : nynorske forteljingar (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-107-8 978-82-521-7151-8} [Av innhaldet: Då han vesle Nils fekk seg høna / Odd Njøs]
  • 2011 – Kjapp i kjeften (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-168-9

Lydbøker

  • 2006 – De’kje nøye om du lyge litt, berre praten gaor (Leikanger: Skald). ISBN 82-7959-080-3  [Lese av Odd Njøs]
  • 2008 – Godnattboka : nynorske forteljingar (Melhus: Lydbokforlaget). ISBN 978-82-421-4551-2  [Av innhaldet: Då han vesle Nils fekk seg høna / Odd Njøs]

Kjelder

  1. «Odd Njøs – Skald», skald.no (på norsk), henta 17. februar 2025 

Bakgrunnsstoff

I tidsskrift – eit utval


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord