Lars Barmen

Lars Barmen

Statsborgarskap: Noreg

Fødd: 3. februar 1963 (61 år) Barmøy

Yrke: kokk, kokebokforfatter, TV-kokk

Språk: norsk

Lars Barmen

Lars Barmen (fødd 3. februar 1963) er ein norsk kokk frå øya Barmen i Selje kommune i Sogn og Fjordane.

Barmen fekk interesse for matlaging allereie som ung gut. Etter fullført kokkeskule i Åndalsnes, gjekk han to år i lære ved Alexandria Hotel i Molde. Etter denne tida opparbeida Barmen seg ei rekkje kokkestillingar. Han vart m.a. kjøkensjef ved Gastronomisk institutt i Stavanger, soussjef på restaurant Bagatelle i Oslo i 5 år og var medlem av det norske kokkelandslaget i 12 år.

I 1997 vart Lars Barmen kåra til årets kokk for sin innsats for faget. Barmen har med tida vorte kjend som TV-kokk, særleg gjennom sitt eige TV-program, Barmeny. Han har også vore kokk for radioprogrammet Nitimen på NRK P1.

Bibliografi

Bøker

  • 1998 – Lystens kokebok : mat, kjærlighet og kjærlighet til mat (Oslo: Aschehoug). ISBN 8203222757 I fulltekst ved nb.no  [Av Holger Koefoed, Lars Barmen]
  • 2000 – Barmen unplugged (Oslo: Gyldendal). ISBN 82-05-25617-9 I fulltekst ved nb.no  [Av Guri Heftye, Lars Barmen ; Helga Bu fotografiar]
  • 2001 – The best of Norwegian seafood (Oslo: Kagge forlag). ISBN 82-489-0196-3 I fulltekst ved nb.no
  • 2001 – Norsk sjømat (Oslo: Kagge forlag). ISBN 82-489-0163-7 I fulltekst ved nb.no
  • 2002 – Norsk mat (Oslo: Kagge). ISBN 82-489-0223-4 I fulltekst ved nb.no
  • 2003 – Koke ute  : fire årstider i verdens største kjøkken (Oslo: Kagge). ISBN 82-489-0335-4 I fulltekst ved nb.no
  • 2004 – Barmens grill (Oslo: Kagge). ISBN 82-489-0383-4 I fulltekst ved nb.no  [Fotografi av Erik Jalland]
  • 2005 – Barmens kjøkkenskole (Oslo: Kagge). ISBN 8248905276 I fulltekst ved nb.no
  • 2009 – Norsk mat med ny vri (Oslo: Kagge). ISBN 978-82-489-0866-1
  • 2013 – Raus : måltider som metter mer enn magen (Oslo: Stenersen). ISBN 9788272015526  [Forfattar: Irina Lee. Oppskrifter: Lars Barmen et al.]

I bøker – eit utval

  • 2004 – Rett fra hjertet : sunn og rimelig middag på 1-2-3 (Oslo: Stenersen). ISBN 82-7201-365-7  [Redaksjon: Tove Valmot og Lin Helliesen. Av innhaldet: Lars Barmen]

Bakgrunnsstoff


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord