Selje

Kari Leine Balog

Kari Leine Balog (fødd 1950) er ein norsk prest og forfattar. Ho vaks opp i Ytre Arna og er busett i Selje, der ho er sokneprest. Balog er engasjert i utvikling av Sunnivaleia frå Florø/Kinn til Selje.

Lars Barmen

Lars Barmen (fødd 3. februar 1963) er ein norsk kokk frå øya Barmen i Selje kommune i Sogn og Fjordane. Barmen fekk interesse for matlaging allereie som ung gut. Etter fullført kokkeskule i Åndalsnes, gjekk han to år i lære ved Alexandria Hotel i Molde. Etter denne tida opparbeida Barmen seg ei rekkje kokkestillingar. Han vart m.a. kjøkensjef ved […]

Dagfred Berstad

Dagfred Berstad (fødd 1948) er ein norsk lærar. Han er frå Ervik i Selje kommune. Han gjekk på Firda off. Realskule og Eid Gymnas, og studerte litteratur og språk ved universiteta i Bergen og Trondheim. Sidan 1976 har han vore lærar på Stadlandet og i Ervik.

Sverre Bortne

Sverre Bortne (6. mai 1920–28. november 1989) var jordstyresekretær i Selje kommune, og dreiv eige gartneri. Under pseudonymet Sverre Lisnes gav han ut diktsamlinga Stjernor i natta i 1944.

Borgny Dam-Nielsen

Borgny Dam-Nielsen (fødd 1944) er ein norsk forfattar, biblioteksjef, kulturarbeidar og bioingeniør. Ho er busett i Selje. Dam-Nielsen var biblioteksjef i Selje fram til 2003. Ho har også m.a. jobba med 1000 års-jubileet i Selje 1996-1997. Dam-Nielsen er utdanna bioingeniør og jobba i fleire år på laboratoriet ved Nordfjord sjukehus. Borgny Dam-N […]

Reidar Djupedal

Reidar Djupedal (22. mars 1921–29. juli 1989) var ein norsk språkforskar som var professor i nordisk språk og litteratur ved NTNU i Trondheim. Bakgrunn Djupedal var fødd i Oslo. Til 1927 budde han på Gol. Då flytte familien til Selje. Etter folkeskulen gjekk han eit år på snikkarskule på Gol, der faren var styrar. Reidar Djupedal tok eksamen […]

Torkjell Djupedal

Torkjell Djupedal (fødd 6. april 1957) er ein norsk forlagsmann og forfattar. Han har vore busett i Førde sidan 1992. Djupedal er cand.mag. i samfunnsfag ved Universitetet i Bergen og har ei mastergrad i journalistikk frå University of Oregon i USA. Djupedal har vore journalist i Gula Tidend i Bergen (1986-89), informasjonsarbeidar i Sogn og Fjor […]

Claus Frimann

Claus Frimann (15. mai 1746–11. oktober 1829) var ein norsk diktar, prest og jordeigar. Han var personellkapellan i Volda på Sunnmøre 1771-79 og sokneprest i Davik i Nordfjord i perioden 1781–1823. Frimann er særleg kjent for diktet Den norske Fisker med den ofte siterte opningsstrofen Ondt ofte lider den Fiskermand. Han fekk tidleg tilnamnet Al […]

Peter Harboe Frimann

Peter Harboe Frimann (19. november 1752–21. september 1839) var ein norsk embetsmann og diktar på 1700-talet. Han vart fødd på prestegarden i Selje i Nordfjord i Sogn og Fjordane, og vaks opp der. Han arbeidde 36 år i utanriksdepartementet i kongeriket Danmark-Noreg. Diktergjerninga var kort; i åra 1774 til 1775 skreiv han dei seks dikta som er g […]

Laura Marie Fure

Laura Marie Fure (fødd 1. mai 1939) er ein norsk forfattar frå Selje kommune i Nordfjord.