Kjellaug Kvåle

Fødd: 29. august 1939 Saltkjel

Død: 20. januar 2022 (82 år)

Yrke: skribent

Ektefelle: Edmund Kvåle

Debut: Hei, Kamerat! (1988 )

Kjellaug Kvåle

Kjellaug Rigmor Kvåle (29. august 1939–20. januar 2022) var ein norsk lærar og forfattar. Ho var busett i Vågsøy kommune.

Kvåle tok eksamen ved Bergen Lærerskole i 1963. Ho hadde ulike stillingar innan skuleverket, lengst i Valdres og sist ved Vågsøy ungdomsskule.

Ho var gift med Edmund Kvåle (f. 1941) og saman fekk dei fire barn, deriblant ordførar i Stad kommune, Judith Margrete Kvåle.

Kjellaug gjekk vekk 20. januar 2022.[1]

Bibliografi

Bøker

  • 1988 – Hei, kamerat! (Oslo: Samlaget). ISBN 82-521-3300-2 I fulltekst ved nb.no  [Serie: Sirius barn. Sirius-bøkene. Boka finst også på bokmål]

Kjelder

  1. Kjellaug Rigmor Kvåle | Galleri – Bilder og video | Minnesider (på norsk bokmål), henta 13. januar 2026 

Bakgrunnsstoff


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord