Jan-Magnus Bruheim

Jan-Magnus Bruheim

Fødd: 15. februar 1914 Skjåk

Død: 10. august 1988 (74 år) Skjåk

Yrke: Forfattar

Sjanger: dikt, barne- og ungdomslitteratur

Debut: Stengd dør, dikt, 1941

Jan-Magnus Bruheim

Jan-Magnus Bruheim (15. februar 1914–10. august 1988) var ein norsk forfattar som skreiv lyrikk og barnebøker.

Liv

Jan-Magnus Bruheim var fødd i Skjåk. Etter skulen fylgde nokre år med gardsarbeid, før han i 1957 starta opp som lærar i Vågå. Frå 1958 til 1961 var han lærar på Øygardskulen i Skjåk.

Skulesentraliseringa på 1960-talet gjorde at han slutta i skulevesenet, men han heldt fram med opplysningsarbeid i mange år, og besøkte grunnskular og folkehøgskular over heile landet med kåseri og opplesing.

Jan-Magnus Bruheim reiste mykje i Europa og gjesta Amerika og Sovjetunionen som medlem i ein norsk freds- og kulturdelegasjon.

Bruheim skreiv lyrikk, barnebøker og ein roman. Han utvikla seg frå å vere ein konvensjonell sentrallyrikar til ein utprega etisk-religiøs diktar.

I 1978 flytte han til lærarbustaden i skulehuset i Botnane i Bremanger kommune. Han skreiv fleire dikt og barnebøker med motiv frå kysten, barneboka Den kvite hjorten og diktsamlinga Flo og Fjøre. I 1954 vann han Sunnmørsprisen for Ord gjennom larm. I 1972 fekk han Nynorsk barnelitteraturpris frå Noregs Mållag. Bruheim hevda at dei sju åra i Botnane var dei mest produktive åra i diktarlivet hans.

Bruheim kom attende for godt til Skjåk 1985, da han kjøpte Vyuli frå garden Eide, og busette seg der. Han døydde i heimen sin i 1988.

Bibliografi

Bøker

  • 1941 – Stengd dør (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
  • 1942 – Nordmed Bångråt-tjønn (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
  • 1945 – Yta og djupe : dikt (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
  • 1947 – På skålvekti : dikt (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
  • 1950 – Spegelen : dikt (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
  • 1954 – Ord gjennom larm : dikt (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
  • 1956 – Skrythøna og andre barnerim (Bergen: Eide)
  • 1957 – Bilete med bakgrunn : dikt (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
  • 1958 – Hornsmeden : og andre barnerim (Bergen: Eide) I fulltekst ved nb.no
  • 1960 – Vide er vegane : dikt (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
  • 1961 – Røyskatten og andre barnerim (Oslo: Noregs boklag) I fulltekst ved nb.no  [Illustrert av Reidar Johan Berle]
  • 1962 – Dei kalla meg Jo (Oslo: Noregs boklag) I fulltekst ved nb.no
  • 1963 – Reinsbukken Kauto frå Kautokeino (Oslo: Noregs boklag) I fulltekst ved nb.no  [Illustrert av Reidar Johan Berle]
  • 1963 – Strålar over stup (Oslo: Noregs boklag) I fulltekst ved nb.no
  • 1965 – Menneskehagen : dikt (Oslo: Noregs boklag) I fulltekst ved nb.no
  • 1966 – Dikt : 1941-1966 (Oslo: Noregs boklag) I fulltekst ved nb.no
  • 1966 – Grashoppa og andre barnerim (Oslo: Noregs boklag) I fulltekst ved nb.no  [Illustrert av Reidar Johan Berle]
  • 1967 – Den fyrste song : antologi over norske voggesongar (Oslo: Noregs boklag) I fulltekst ved nb.no  [Ved Oddny Auklend og Jan-Magnus Bruheim]
  • 1968 – Innover viddene (Oslo: Noregs boklag) I fulltekst ved nb.no
  • 1968 – Steppestrå (Oslo: Noregs boklag) I fulltekst ved nb.no
  • 1969 – Romferda og andre barnerim (Oslo: Noregs boklag) I fulltekst ved nb.no  [Illustrert av Reidar Johan Berle]
  • 1970 – Broren (Oslo: Noregs boklag) I fulltekst ved nb.no
  • 1970 – På langferd med Mjo Monsemann (Oslo: Noregs boklag) I fulltekst ved nb.no  [Illustrert av Eva Storsveen]
  • 1971 – Ljosringen (Oslo: Noregs boklag) I fulltekst ved nb.no
  • 1972 – Syskenringen og andre barnedikt (Oslo: Noregs boklag) . ISBN 82-522-0019-2 I fulltekst ved nb.no  [Illustrert av Reidar Johan Berle]
  • 1972 – Ved kjelda (Oslo: Noregs boklag) . ISBN 82-522-0007-9 I fulltekst ved nb.no
  • 1973 – Då dyra samlast til dyreting (Oslo: Noregs boklag) . ISBN 82-522-0025-7 I fulltekst ved nb.no  [Illustrert av Eva Storsveen]
  • 1973 – Møte i myrkret (Oslo: Noregs boklag) . ISBN 82-522-0067-2 I fulltekst ved nb.no
  • 1974 – I kveldseto (Oslo: Noregs boklag) . ISBN 82-522-0096-6 I fulltekst ved nb.no
  • 1975 – Aldri eldest tidi (Oslo: Noregs boklag) . ISBN 82-522-0043-5 I fulltekst ved nb.no
  • 1975 – Om alle tre var like- : barnedikt (Oslo: Noregs boklag) . ISBN 82-522-0111-3 I fulltekst ved nb.no  [Illustrert av Reidar Johan Berle]
  • 1976 – Brevet til kjærleiken (Oslo: Noregs boklag) . ISBN 82-522-0147-4 I fulltekst ved nb.no
  • 1977 – Doggmorgon og andre barnerim (Oslo: Noregs boklag) . ISBN 82-522-0347-7 I fulltekst ved nb.no  [Illustrert av Reidar Johan Berle]
  • 1977 – Lyrespelaren (Oslo: Noregs boklag) . ISBN 82-522-0346-9 I fulltekst ved nb.no
  • 1978 – Gapet : bilete frå ei draumeverd (Oslo: Noregs boklag) . ISBN 82-522-0382-5 I fulltekst ved nb.no
  • 1979 – Du i meg : dikt (Oslo: Noregs boklag) . ISBN 82-522-0436-8 I fulltekst ved nb.no
  • 1979 – Guten som vart lokka inn i berget : eit eventyrdikt for vår tid (Oslo: Noregs boklag) . ISBN 82-522-0424-4 I fulltekst ved nb.no  [Illustrert av Helge Ness]
  • 1980 – Den kvite hjorten (Oslo: Noregs boklag) . ISBN 82-522-0445-7 I fulltekst ved nb.no  [Illustrert av Reidar Johan Berle]
  • 1980 – Norske barnepreiker (Larvik: Noregs boklag) I fulltekst ved nb.no  [Redaktørar: Jan-Magnus Bruheim, Øyvind Dybwad, Inge Mannsåker]
  • 1980 – Tankefuglar i tunet (Oslo: Noregs boklag) . ISBN 82-522-0450-3 I fulltekst ved nb.no
  • 1981 – Dikt i utval (Oslo: Noregs boklag) . ISBN 82-522-0472-4 I fulltekst ved nb.no
  • 1981 – Den opne handa (Oslo: Noregs boklag) . ISBN 82-522-0489-9 I fulltekst ved nb.no  [Illustrert av Reidar Johan Berle]
  • 1982 – Leikande menneske : dikt (Oslo: Noregs boklag) . ISBN 82-522-0375-2 I fulltekst ved nb.no
  • 1982 – Risen og Busen blir vener (Oslo: Noregs boklag) . ISBN 82-522-0512-7 I fulltekst ved nb.no  [Illustrert av Unni-Lise Jonsmoen]
  • 1983 – Bekken syng og andre barnedikt (Oslo: Noregs boklag) . ISBN 82-522-0522-4 I fulltekst ved nb.no  [Illustrert av Reidar Johan Berle]
  • 1984 – Flo og fjøre (Oslo: Noregs boklag) . ISBN 82-522-0553-4 I fulltekst ved nb.no
  • 1984 – Kan eg nå di hand (Stabekk: Bokklubbens lyrikkvenner) . ISBN 82-525-0736-0 I fulltekst ved nb.no
  • 1986 – Morgonglede : barnedikt (Bergen: Eide) . ISBN 82-514-0171-2  [Illustrert av Reidar Johan Berle]
  • 1987 – Årringar (Oslo: Aschehoug) . ISBN 82-03-15645-2 I fulltekst ved nb.no
  • 1990 – Spegelbrot (Oslo: Aschehoug) . ISBN 82-03-16245-2 I fulltekst ved nb.no
  • 2014 – Dikt i utval (Skjåk: Skjåk kommune) . ISBN 978-82-999543-0-3  [Ved Ove Eide ; biletredaksjon: Magnhild Bruheim, Sigrun Eide og Magni Øvrebotten]
  • 2018 – Trollguten og andre dikt (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-9626-9  [Illustrert av Jens Kristensen]

Notar – eit utval

  • 1946 – Togni : op. 8 (Drammen: Lyche)  [Torbjørn Knutsen]
  • 1976 – 200 Streili-tonar (Trondheim: Rune)  [Ragnar Streitlien]
  • 1991 – Solmorgon på havet : for blandet kor (Oslo: Norsk musikkforlag)  [Christian Killengreen]

Tonesette dikt – eit utval

  • 2009 – Den kvite hjorten (Lomen: Talik)  [Lydopptak / Tindra med Helge Jordal.]
  • 2014 – Brevet til kjærleiken (Oslo: Grappa)  [Lydopptak / Sigrid Moldestad]

I bøker – eit utval

  • 1979 – Underlig at jeg er : en antologi (Oslo: Aschehoug) . ISBN 82-031-1746-5 I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Hjort er hjort / Jan-Magnus Bruheim, s. 54]
  • 1991 – Min sommerbok (Oslo: Damm) . ISBN 82-517-7769-0 I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Løynt reir / Jan-Magnus Bruheim]
  • 1992 – Min vårbok (Oslo: Damm) . ISBN 82-517-7822-0 I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Bekken syng / Jan-Magnus Bruheim]
  • 1994 – “Ein blomstervang for din fot-” : norske kjærleiksdikt (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-4410-1 I fulltekst ved nb.no  [Inneheld: Dikt av Jan-Magnus Bruheim m.fl]
  • 1999 – I sorgens time : dikt til trøst (Oslo: Aschehoug) . ISBN 82-03-18206-2 I fulltekst ved nb.no  [Inneheld: Dikt av Jan-Magnus Bruheim m.fl]
  • 2002 – Under bergfall : mine kjæraste dikt (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-5970-2  [Inneheld: Dikt av Jan-Magnus Bruheim m.fl]
  • 2003 – Barnebokskatten : nynorsk dikting for barn gjennom 120 år. 3. Dikt og biletbøker (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-5806-4  [Av Jan-Magnus Bruheim m.fl.]
  • 2009 – Nynorsk lyrikk : 25 diktarar – 220 dikt (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-010-7  [Redaktør: Henrik Skorven. Inneheld dikt av Jan-Magnus Bruheim m.fl.]

I tidsskrift – eit utval

Tekstar om Jan-Magnus Bruheim

  • 1956 – Tretten norske lyrikere : essays om poesi og livsholdning (Oslo: Dreyer) I fulltekst ved nb.no  [Forfattar: Carl Fredrik Prytz. Av innhaldet: Jan-Magnus Bruheim, s. 35-46.]
  • 1978 – Norsk årbok for barne- og ungdomslitteratur. 1978 (Oslo: Lunde) . ISBN 82-520-3639-2  [Redigert av Audun Thorsen. Av innhaldet: Jan-Magnus Bruheim – eit forfattarportrett, s. 124-158.]
  • 1982 – Å skrive for barn : 17 barnebokforfattarar presenterer seg (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no  [Redigert av Tone Birkeland]
  • 2014 – Dikt i utval (Skjåk: Skjåk kommune)  [Av innhaldet: Jan-Magnus Bruheim : forfattarskapen, Bruheimen og Botnane / Magni Øvrebotten, Jan og Jan-Magnus : diktar og bygdekar / Ivar Teigum, Einsemd og draum, ansvar og fellesskap : om Jan-Magnus Bruheims lyriske forfattarskap /Ove Eide, Føreord / Ove Eide, 100 år og like god / Sigrun Eide]
  • 2014 – Jan-Magnus Bruheim – skjebne, psyke, natur : en essayisk (sic) forfølgelse (Oslo: Cogito)  [Forfattar: Ole-Harald Dahl]

Bakgrunnsstoff


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord