Brynjulf Jung Tjønn
Statsborgarskap: Noreg
Fødd: 15. november 1980 (43 år) Seoul i Sør-Korea
Yrke: skribent
Periode: 2002 –
Debut: Eg kom for å elske, roman
Nettstad: http://brynjulf.no/
Brynjulf Jung Tjønn
Brynjulf Jung Tjønn (fødd 15. november 1980) er ein norsk forfattar. Han debuterte i 2002 med romanen Eg kom for å elske. I tillegg har han publisert tekstar i antologien Signaler 2001.
Tjønn var fødd i Seoul i Sør-Korea, men i 1982 vart han adoptert til Noreg og Feios i Vik kommune i Sogn og Fjordane fylke.
Brynjulf Jung Tjønn vart i juni 2017 tilsett som redaktør for barn og unge i forlaget Samlaget.[1]
Brynjulf Jung Tjønn er redaktør i Bokvennen Litterær Avis.
Bibliografi
Bøker
- 2002 – Eg kom for å elske : roman (Oslo: Samlaget). ISBN 82-521-6008-5 I fulltekst ved nb.no
- 2008 – Lyden av noen som dør : roman (Oslo: Cappelen). ISBN 978-82-02-28415-2
- 2009 – I morgen skal vi sitte i solen (Oslo: Cappelen Damm). ISBN 978-82-04-15250-3
- 2011 – Kinamann : roman (Oslo: Cappelen Damm). ISBN 978-82-02-36214-0
- 2012 – Fotballskoene (Oslo: Cappelen Damm). ISBN 978-82-02-35861-7 [Illustrert av Lisa Aisato]
- 2013 – Så vakker du er : ungdomsroman (Oslo: Cappelen Damm). ISBN 978-82-02-41595-2
- 2016 – Den finaste historia (Oslo: Cappelen Damm). ISBN 978-82-02-48407-1 [Brynjulf Jung Tjønn & Øyvind Torseter]
- 2017 – Alt det lyse og alt det mørke (Oslo: Cappelen Damm). ISBN 978-82-02-43984-2
- 2018 – Smadra (Oslo: Flamme). ISBN 978-82-8288-238-5 [F° 353]
- 2019 – Garden under jorda (Oslo: Cappelen Damm). ISBN 978-82-0261-994-7
- 2021 – Kvar dag skal vi vere så modige : roman (Oslo: Cappelen Damm). ISBN 978-82-0270-311-0
- 2022 – Gard er ikkje redd (Oslo: Aschehoug). ISBN 9788203378461 [Illustrert av Sunniva Sunde Krogseth]
- 2022 – Kvit, norsk mann : dikt (Oslo: Cappelen Damm). ISBN 9788202766610
- 2024 – Norsk kjærleik : dikt (Oslo: Cappelen Damm). ISBN 9788202845179
I bøker – eit utval
- 2001 – Signaler 2001 (Oslo: Cappelen). ISBN 82-02-20191-8 [Av innhaldet: Tre dikt / Brynjulf Jung Tjønn, s. 60-61]
- 2001 – Temp 2001 (Oslo: Aschehoug). ISBN 82-03-24418-1 I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Lukk øynene, memorer / Brynjulf Jung Tjønn]
- 2013 – Tapt og funnet : 9 historier om å være omtrent 14 (Oslo: Cappelen Damm). ISBN 978-82-02-39004-4 [Av innhaldet: Eg må halde meg fast i deg / Brynjulf Jung Tjønn]
- 2014 – Kampklar : 11 noveller om verdens beste oppfinnelse (Oslo: Cappelen Damm). ISBN 978-82-02-42269-1 [Av innhaldet: Kameratar / Brynjulf Jung Tjønn]
- 2016 – Fantasiboka : nynorske forteljingar (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-239-6 [Av innhaldet: Jenta med snøkrystalltårer / Brynjulf Jung Tjønn]
- 2024 – Mellom menneske og manus : følelser, etikk og metode i litteraturen (Oslo: Res publica). ISBN 9788282262965 [Bidrag frå Brynjulf Jung Tjønn m.fl.]
Prisar
- 2013 – Brageprisen i kategorien Barne- og ungdomslitteratur for Så vakker du er
- 2021 – P2-lytterenes romanpris for Kvar dag skal vi vere så modige
Kjelder
- Samlaget. (2017, 21.06.). To nye redaktørar i Samlaget.
- Allkunne
- Referansar
- ↑ Samlaget 2017, 21.06.
Bakgrunnsstoff
- Møt Brynjulf Jung Tjønn i Dagbladet 24.04.2002
- Møt Brynjulf Jung Tjønn i Dagbladets forfatterside 23.04.2002
- Bokvennen Litterær Avis der Brynjulf Jung Tjønn er redaktør