Bernt Skrede
Fødd: 6. oktober 1945
Død: 15. mai 2019 (73 år)
Yrke: skribent
Bernt Skrede
Bernt Skrede (6. oktober 1945–15. mai 2019)[1] var ein norsk lærar og forfattar.
Han var fødd på Norderhov og oppvaksen på Ringsaker, i Mysen, Skjeberg og på Nordfjordeid i Eid kommune. Han hadde eksamen frå Volda lærarskule med vidareutdanning i pedagogikk, musikk, tysk og ålmenn litteraturkunnskap. Skrede arbeidde ved fleire folkehøgskular i Danmark, Island og Norge. Han var lærar ved Hornindal skule i Hornindal.
Bernt Skrede omsette og skreiv sjølv skodespel for amatørteater. Han var formann i Firda ungdomslag og i Hornindal kulturstyre.
Bibliografi
Bøker
- 1981 – Kva drøymde du, kongsdotter? : spel i 7 små akter (Oslo: Noregs Boklag) . ISBN 8252204643 I fulltekst ved nb.no
- 1982 – Drakeknurring og alvesong (Larvik: Norsk Barneblad) . ISBN 8270950378 I fulltekst ved nb.no
- utan år – Olsok : eit spel til olsok [Teatermanus]
- utan år – Troll i tale [Teatermanus]
Kjelder
- ↑ «Dødsannonser, dødsfall og minnesider for hele Norge.». Ølen Begravelsesbyrå. Henta 3. august 2020.
Bakgrunnsstoff
- Verk i tidsskrift – eit utval ved Lokalhistorisk litteratur Sogn og Fjordane
Autoritetsdata |
---|