Åsmund Husabø Eikenes
Statsborgarskap: Noreg
Fødd: 1986 (38 år) Leikanger kommune
Yrke: skribent
Medlem av: Akademiet for yngre forskarar
Åsmund Husabø Eikenes
Åsmund Husabø Eikenes (fødd 1986) er ein norsk forfattar frå Leikanger i Sogn og Fjordane. Han har ein doktorgrad frå Senter for kreftbiomedisin ved Universitetet i Oslo.
Eikenes fekk Forskerforbundets Hjernekraftpris for 2013 for formidling av celledeling hos bananfluger.
Hausten 2016 gav han ut ei populærvitskapleg bok om hender. Boka heiter Handboka : alt du vil vite om hendene dine – og litt til.[1]
Bibliografi
Bøker
- 2016 – Handboka : alt du vil vite om hendene dine – og litt til (Oslo: Samlaget). ISBN 978-82-521-9011-3
- 2018 – Sprut : historia om kroppsvæskene våre (Oslo: Samlaget). ISBN 978-82-521-9557-6
- 2019 – Håkon (Oslo: Samlaget). ISBN 978-82-521-9798-3
- 2019 – Knokedunk (Oslo: Samlaget). ISBN 978-82-521-9811-9 [Illustrert av: Eivind Gulliksen]
- 2020 – Ny kunnskap om kreft : på veg mot framtidas kreftbehandling (Oslo: Samlaget). ISBN 978-82-340-0278-6
- 2021 – Den gode historia : skriveråd for engasjerande forskingsformidling (Oslo: Universitetsforlaget). ISBN 9788215048482
- 2024 – Design med klart språk (Oslo: Cappelen Damm akademisk). ISBN 978-82-02-82074-9
Kjelder
- ↑ «Alt du vil vite om hendene dine – og litt til». Samlaget. Henta 26. januar 2017.
- «Åsmund H. Eikenes». Samlaget. Henta 26. januar 2017.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.