Arnfinn Kolerud

Arnfinn Kolerud

Nasjonalitet: Norsk

Statsborgarskap: Noreg

Fødd: 5. november 1968 (57 år) Isfjorden

Yrke: Forfattar

Periode: 1996 –

Sjanger: barne- og ungdomslitteratur

Prisar: Guro Sandsdalens litteraturpris, Nynorsk barnelitteraturpris, Norsk litteraturkritikerlags barnebokpris, Nynorsk barnelitteraturpris, Kulturdepartementets debutantpris, Kulturdepartementets litteraturpris

Debut: Berre ikkje brøyteplogen kjem

Arnfinn Kolerud

Arnfinn Kolerud (fødd 5. november 1968 i Isfjorden)[1] er ein norsk barne- og ungdomsbokforfattar.

Kolerud er fødd i Isfjorden og seinare busett i Måløy i Kinn kommune.

Kolerud debuterte i 1996, og har fått ei rad prisar for bøkene sine. Dei to prisløna bøkene utmerker seg ved å vere stillferdige bøker som med konkrete sansingar frå oppvekst på 1970-talet gjev innblikk i guteliv, tidsbilete og bygdeliv. Den eine boka hans har vorte samanlikna med oppvekstskildringar av Tarjei Vesaas.

I 2018 var boka Snillionen ei av tolv utvalde bøker med filmpotensiale som vart tekne ut til programmet Books at Berlinale.[2]

Bibliografi

Bøker

  • 1996 – Berre ikkje brøyteplogen kjem- (Oslo: Samlaget). ISBN 82-521-4871-9 I fulltekst ved nb.no  [Illustrert av Arne Roar Lund]
  • 2007 – Zoomarferien : roman (Oslo: Samlaget). ISBN 978-82-521-7045-0
  • 2010 – Jakta på Andy Anderssons Eftf. (Oslo: Samlaget). ISBN 978-82-521-7774-9  [Illustrert av Per Ragnar Møkleby]
  • 2010 – Når ein først skal skyte nokon : første roman av tre (Oslo: Samlaget). ISBN 978-82-521-7759-6
  • 2012 – Kom ikkje inn i mitt hus : roman (Oslo: Samlaget). ISBN 978-82-521-8156-2
  • 2017 – Snillionen (Oslo: Cappelen Damm). ISBN 978-82-02-55307-4
  • 2021 – Gamle menn i syningom (Oslo: Samlaget). ISBN 978-82-340-0488-9
  • 2024 – Ivar får ansvar : roman (Oslo: Samlaget). ISBN 9788234011641

I bøker – eit utval

  • 1996 – Heltane er mette : og andre noveller for ungdom (Oslo: Samlaget). ISBN 82-521-4874-3 I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Da Petter Smart var på ferie / Arnfinn Kolerud, side 75-86]
  • 2013 – Monsterboka : nynorske forteljingar (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-191-7  [Av innhaldet: Monsternytt / Arnfinn Kolerud]

Prisar og utmerkingar

  • Kulturdepartementets debutantpris – 1996
  • Nynorsk barnelitteraturpris – 1996
  • Kritikerprisen – 2004
  • Nynorsk barnelitteraturpris – 2004
  • Guro Sandsdalens litteraturpris – 2005[3]
  • Kulturdepartementets litteraturpris[4] – 2018

Referansar

  1. .mw-parser-output code.cs1-code{color:inherit;background:inherit;border:inherit;padding:inherit}.mw-parser-output .cs1-hidden-error{display:none;font-size:100%}.mw-parser-output .cs1-visible-error{font-size:100%}.mw-parser-output .cs1-maint{display:none;color:#33aa33;margin-left:0.3em}.mw-parser-output .cs1-subscription,.mw-parser-output .cs1-registration,.mw-parser-output .cs1-format{font-size:95%}.mw-parser-output .cs1-kern-left,.mw-parser-output .cs1-kern-wl-left{padding-left:0.2em}.mw-parser-output .cs1-kern-right,.mw-parser-output .cs1-kern-wl-right{padding-right:0.2em}««Arnfinn Kolerud (05.11.1968)»». forfatterkatalogen.no. Henta 18. november 2016.
  2. ««Norsk barnebok tatt ut til filmfestivalen i Berlin»». Cinema forlag.
  3. ««Guro Sandsdalens litteraturpris 2007 til Ingelin Røssland»». Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere (web.archive.org).
  4. http://barnebokinstituttet.no/aktuelt/flukt-folelser-og-humor-her-er-vinnerne/

Bakgrunnsstoff


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord