
Sivert N. Nesbø
Statsborgarskap: Noreg
Fødd: 26. mai 1982 , 1982 (44 år)
Yrke: skribent, barnebokforfattar
Sivert N. Nesbø
Sivert Nikolai Nesbø (fødd 26. mai 1982) er ein norsk forfattar og leiar for Den norske Forfatterforening.[1] Han er tidlegare akademileiar ved Skrivekunstakademiet.[2]
Nesbø er frå Førde, og er busett i Bergen. Han har teke årsstudium ved Skrivekunstakademiet i Bergen[3] og debuterte i 2013 med romanen Skårgangar.[4] Han har sidan skrive fleire kritikarroste romanar. Den fyrste barneboka hans, Hauk, kom i 2019, illustrert av Susanna Kajermo. Varme og vatn kom i 2021. Same år kom òg Framom døden, ei omsetjing av William Faulkners As I Lay Dying frå 1930. For denne vart han nominert til Bastianprisen.
Bibliografi
Bøker
- 2013 – Skårgangar (Oslo: Cappelen Damm). ISBN 978-82-02-42350-6
- 2015 – Som eit barn (Oslo: Cappelen Damm). ISBN 978-82-02-47981-7
- 2018 – Sjøen om vinteren (Oslo: Tiden). ISBN 978-82-10-05677-2
- 2019 – Hauk (Oslo: Samlaget). ISBN 978-82-521-9834-8 [Sivert Nesbø og Susanna Kajermo]
- 2021 – Varme og vatn (Oslo: Tiden). ISBN 9788210058004
- 2021 – Framom døden (Leikanger: Skald). ISBN 9788279593331
- 2025 Høyrer vatn, men ser det ikkje (Red. med Eli Fossdal Vaage) (Bergen: Fagbokforlaget). ISBN 978-82-93312-13-0
I bøker – eit utval
- 2009 – I: Stille når gruppe : antologi for Skrivekunstakademiet i Hordaland 2009 (Bergen: Skrivekunstakademiet i Hordaland)
- 2011 – I: Signaler : Cappelen Damms årlige debutantantologi med inviterte etablerte 2011 (Oslo: Cappelen Damm)
Prisar og nominasjonar
- Nominert til Bastianprisen 2022 for Framom døden
- Målprisen 2022, Førde mållag
Kjelder
- ↑ .mw-parser-output code.cs1-code{color:inherit;background:inherit;border:inherit;padding:inherit}.mw-parser-output .cs1-hidden-error{display:none;font-size:100%}.mw-parser-output .cs1-visible-error{font-size:100%}.mw-parser-output .cs1-maint{display:none;color:#33aa33;margin-left:0.3em}.mw-parser-output .cs1-subscription,.mw-parser-output .cs1-registration,.mw-parser-output .cs1-format{font-size:95%}.mw-parser-output .cs1-kern-left,.mw-parser-output .cs1-kern-wl-left{padding-left:0.2em}.mw-parser-output .cs1-kern-right,.mw-parser-output .cs1-kern-wl-right{padding-right:0.2em}«Styret», Den norske Forfatterforening (på norsk bokmål), henta 2026-08-07
- ↑ TILSETTE og faste gjestelærarar | Skrivekunstakademiet, henta 2022-02-08
- ↑ «Skrivekunstakademiet i Hordaland: Tidlegare studentar». Arkivert frå originalen 2015-09-24. Henta 2015-06-08.
{{cite web}}: Invalid|url-status=yes(hjelp) - ↑ «Cappelen Damm: Skårgangar». Henta 2015-06-10.
