Sjur Årebru

Fødd: 27. desember 1897

Død: 10. november 1982

Sjur Årebru (fødd 27. desember 1897 i Årdal, død 10. november 1982) var ein norsk bonde og forfattar busett i Årdal. Han var skriftstyrar for Jol i Sogn. Årebru reiste i fleire år som forsikringsinspektør i Buskerud, Sør-Trøndelag og Sogn og Fjordane, og det første skodespelet hans, Valsjau, var inspirert av det han såg. Han gav ut fleire skodespel, dei var skrivne for frilynde ungdomslag og vart mykje brukte på festar og større tilstellingar.

Bibliografi

Bøker

  • 1929 – Valsjau : skodespel for ungdomslag i tri vendingar (Oslo: Norli)
  • 1931 – Bondeslusken : skodespel i 2 vendingar (Oslo: Norli)

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

  • Tidsskrift. Nummer 26. Utgjeve av Historielaget for Sogn. Dikting og diktarar frå Sogn. Ved Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik Kaupanger : Historielaget, 1978
  • Gravminner i Norge

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA