Arnfinn Berstad (fødd 1913 i Eid) er ein norsk forfattar og heradsskogmeister. Han vaks opp i Kjølsdalen i Eid, og er busett i Verdal. Han gjekk på Møre folkehøgskule i 1935-1936 og Statens Skogskole i Steinkjer i 1937. Han var heradsskogmeister i Soknedal, Rennebu, Oppdal i 1944-1946, på Ålesundshalvøya 1947-1955 og Indre Romsdal 1955-1981. Berstad har vore aktiv i kommune- og fylkespolitikken. Han var formann i Norges Herredsskogmesterlag i 19 år.

Bibliografi

Bøker

1985 – Under stjernerapet : dikt (Melhus: Snøfugl) . ISBN 82-7083-144-1 Tilgjengeleg i Bokhylla.no

1988 – Alle har si tid (Oslo: Fonna) . ISBN 82-513-0132-7 Tilgjengeleg i Bokhylla.no

1999 – Berre ein vakker draum : dikt (Melhus: Snøfugl) . ISBN 82-7083-239-1 Tilgjengeleg i Bokhylla.no

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA